Får oversikt som studentassistentar

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) vil med sine kunnskapsoversikter skape nettopp det som ligg i ordet; oversikt. Eit vidsyn over feltet. Forsking skal gjerast tilgjengeleg for fleire, og det skal vere forståeleg. Midt i arbeidet med dette er masterstudentane Vilde Saxeide Lerum og Sander Eriksen Mathisrud.

Published Sist oppdatert

 - Då eg såg at KSU utlyste studentassistent-stillingar hoppa eg på. Eg søkte fordi eg hadde lyst til å vere med på å gjere forsking på utdanningssektoren meir tilgjengeleg, fortel Vilde Saxeide Lerum. 

Biletet syner student Saxeide Lerum som sit med datamaskinen og skriv.
- Arbeidet med forskingsnotatar er meiningsfullt og noko eg gjer god nytte av på masterstudiet, fortel studentassistent Vilde Saxeide Lerum.

Før Lerum byrja som studentassistent hadde ho nokre litt dårlege erfaringar med forskingsartiklar. Mange av artiklane låg bak betalingsmur, eller dei nytta eit språk som var så tungt at teksten skremde meir enn han opplyste.  
 - Eg såg utlysinga som ein moglegheit til å få innsikt i forsking på feltet eg fordjupar meg i, seier Sander Eriksen Mathisrud. 

Dei to studentassistentane er i gang med kvar sin master i utdanningsvitskap. Lerum har si fordjuping i spesialpedagogikk, Mathisrud i norsk didaktikk. 

På KSU er dei to med på å utvikle forskingsnotatar. Dette er norske tekstar basert på systematiske kunnskapsoversikter publisert i internasjonale tidsskrift. Les du eit forskingsnotat, får du informasjon om kvar du kan finne den originale kjelda og du får vite om føremål, metode, resultat og implikasjonar.  

Sander Eriksen Mathisrud sit med ein open laptop ved eit kjøkkenbord. Han smiler mot kamera.
Som studentassistent ved KSU er Sander Eriksen Mathisrud med på å utvikle forskingsnotatar basert på systematiske kunnskapsoversikter publisert i internasjonale tidsskrift. 

 Med frå starten 

- Arbeidet med forskingsnotatar er meiningsfullt og noko eg gjer god nytte av på masterstudiet. I tillegg til at eg lærer om forskingsmetode, får eg innsikt i spanande forsking innan utdanningsvitskap, både emne eg er kjend med og områder pensumet mitt ikkje berører. Ikkje minst opplever eg støtte og veiledning frå erfarne kolleger, seier Lerum.  

- Me vart utfordra til å meine og bidra, heilt frå starten. Fyrst vurderte me relevans og bestemde kva for artiklar me ynskja å ha med vidare i prosessen, utdjupar Mathisrud.  

Senterleiar Elaine Munthe meiner det gjev KSU ei stor styrke å ha masterstudentane med på laget:

-  Dei er også målgruppa vår. Vi vil skrive forskingsnotat som kan gi masterstudentar og lærarar i skulen innblikk i ny forsking av god kvalitet. At dei sjølve er med på å skrive, er ein vinn-vinn situasjon for alle partar, forklarer senterleiar Elaine Munthe. 

Lita endring, stor skilnad 

- Å vere forskar verkar spanande, men også litt skremmande. Du skal gjennom disputasar og forsvaring av eigne artiklar og utsegn. Med dette arbeidet er det som eg har fått lov å kome inn i fagfeltet og forskinga frå ein annan kant. Eg får godt innsyn og forståing utan å måtte stå midt i stormen, utdjupar Mathisrud.  

Noko eg er blitt bevisst på, er ansvaret som fylgjer med formidling av forsking. Ei lita endring i ein formulering kan gjere stor skilnad for kva mottakaren sit igjen med, seier Lerum.  

Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.