– Kan styrke UiS sin posisjon internasjonalt

Tre av fagmiljøa ved UiS har motteke til saman om lag 15 millionar kroner til forsking på digital mobbing, antibiotikaresistens og teamarbeid i helsesektoren. – Dette er ein kjempegod nyheit som kan styrke universitetet sin posisjon internasjonalt.

Published Endret

Prosjektlederne i de nye Doctoral Networks-prosjektene ved UiS
Glad gjeng: Øverst fra v.: Ida Risanger Sjursø, Hildegunn Fandrem, Peck Sze lim, Kyrre Ås.
Nederst fra venstre: Simona Caravita, Karina Aase, Petter Viksveen, Sissel Eikeland Husebø og Magne Sydnes.

Det seier Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS om nyhenda om at UiS har fått gjennomslag på tre søknadar om prosjektmidlar gjennom MSCA Doctoral Network. Midlane skal gå til å tilsetje 7 nye stipendiatar, som vil få ein unik moglegheit til å arbeide saman i eit internasjonalt nettverk som er heilt framme i forskingsfronten. Målet med Marie Skłodowska-Curie Actions Doctoral Networks (MSCA Doctoral Network) er å utvikle doktorgradsprogram gjennom partnarskap av organisasjonar frå forskjellige sektorar i Europa.

Programma skal stimulere kreativiteten hjå doktorgradskandidatane og styrke deira evne til å finne fram til innovative løysingar. Deltakinga i MSCA Doctoral Network vil også gjere doktorgradskandidatane attraktive på jobbmarknaden i etterkant av utdanninga.

Nettverk som er heilt framme i forskingsfronten

Det vert sett på som svært vanskeleg å nå heilt opp i søknadsprosessen og få innvilga midlar frå «MSCA Doctoral Networks» gjennom Horizon Europe. Forskingsavdelinga ved UiS har bidrege i søknadsprosessen med eit eige støtteprogram for å hjelpe forskarane med å skrive gode søknadar.

– Dette er ei svært god nyheit både for UiS, fagmiljøa og ikkje minst stipendiatane som vert ein del av dei ulike nettverka. MSCA Doctoral Network gjev ph.d.-studentane ei unik moglegheit til å arbeide saman med eit internasjonal nettverk alt frå starten av utdanninga. Eit nettverk som består både av andre stipendiatar og forskarar i den internasjonale forskingsfronten på det aktuelle feltet, seier Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS.

Ho meiner at MSCA Doctoral Network kan styrke samarbeidsrelasjonar som kan gje grunnlag for andre typar ERC-prosjekt, og dette kan også vere med å styrke UiS sin posisjon internasjonalt.

– Desse nettverka er viktige fordi dei bidreg med ny kunnskap på fagområder der det er stort behov for meir kunnskap, legg ho til.

Har foreldrerolla noko å seie når det kjem til digital mobbing?

Hildegunn Fandrem ved Læringsmiljøsenteret er prosjektleiar for PARTICIPATE-prosjektet som har fått midlar. Til saman skal UiS ha fullt eller delvis ansvar for 4 stipendiatar gjennom dette prosjektet. Dette prosjektet vart også tildelt ein ekstra stipendiat då England måtte trekkje seg på grunn av Brexit.

 – Det var ein god nyheit at vi no fekk gjennomslag etter fleire søknadsrundar. No gler vi oss til å starte opp prosjektet, seier Fandrem.

Prosjektet ho skal leie handlar om dei føresette og deira rolle når det kjem til digital mobbing blant elevar i skulen. Det vil også fokuserast på mangfald blant elevane, og forskarane vil undersøke kva rolle eksempelvis kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetjing kan spele når det kjem til mobbesaker. Forskingsnettverket er satt saman av ulike fagområde som blant anna psykologi, sosiologi, mediefag, utdanningsforsking og kjønnsstudier.

– I dette prosjektet har vi fått satt saman eit tverrfagleg lag som saman skal sjå på dette med mangfald og foreldra si rolle når det kjem til digital mobbing. Det trur eg i høgaste grad er naudsynt, seier Fandrem.

Kjekt å endeleg lukkast

Sissel Eikeland Husebø ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiS, skal leie Tools4Teams-prosjektet. Ho seier det er kjekt å endeleg lukkast med søknaden, og at prosjektet no får midlar.

Les eigen nyheitssak om Tools4Teams-prosjektet

– Det har vore mykje arbeid over fleire år som er lagt ned av både dei involverte forskarane, og av administrative ressursar ved UiS. Eg håpar at prosjektet vil bety mykje for SHARE, Det helsevitskaplege fakultet og UiS, seier ho.

Teamarbeid i helsetenesta har vore eit av Husebø sine forskingsområde i mange år, så ho var glad då ho vart spurt om å leie arbeidet med søknaden.

– Dette er noko som har interessert meg frå da eg arbeida som intensivsjukepleiar ved SUS. Det var difor veldig enkelt for meg å seie ja til å leie arbeidet med denne søknaden, seier ho.

Vil finne nye måtar å behandle infeksjonar på

Ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet har prosjektet «STOP SPREAD BAD BUGS» fått om lag 3 millionar kroner. UiS skal tilsetje ein stipendiat som skal arbeide med syntese av nye antimikrobar. Målet er å framstille nye stoffar med nye mekanismar som kan utviklast til medisin for behandling av infeksjonar.

– 15 år fram i tid kan resultat frå dette prosjektet gje nye måtar å behandle infeksjonar på. Vi skal jobbe med å framstille nye medikament som kan bidra til å nedkjempe problemet med spreiinga av antibiotikaresistens, seier prosjektleiar Magne Sydnes.

Ph.d.-en som kjem til UiS skal ha to forskingsopphald i bedrift, ved Institut de Recerca i Tecnologia Agroalimentàries i Spania og ved Chemprecise i Portugal. Når kandidaten reiser ut, kjem nye studentar til UiS.

– Dette er eit stort prosjekt som vert leia frå Nederland som ein del av Erasmus+. Med tanke på å byggje nettverk, er dette eit godt springbrett for nye samarbeidspartnarar, seier Sydnes.

–  Svært populært program

Peck Sze Lim i forskingsavdelinga ved UiS kan fortelje at UiS så langt har fått midlar til sju Doctoral Network-prosjekt. Totalt 13 stipendiatar vert finansiert av tildelingane.

– Dette er eit populært program for mange universitet, og ei viktig finansieringskjelde for rekruttering av stipendiatar.

Forskingsavdelinga har eit eige MSCA DN støtteprogram som støttar opp forskarar til å skrive ein bra MSCA DN-søknad, fortel ho, og legg til at neste søknadsfrist er 15. november.

– Vi anbefaler interesserte forskarar til å ta kontakt med forskingsavdelinga så tidleg som mogleg, seier ho.

Tekst: Maria Gilje Strand og Kjersti Riiber
Foto: Kjersti Riiber

Dette er UiS-prosjekta som har fått tildelt midlar:
Parents and Technology in Cyberbullying: Intervention and Prevention for Future Experts (PARTICIPATE):

· Prosjektleiar: Hildegunn Fandrem ved Læringsmiljøsenteret, UiS. - I dette prosjektet skal UiS tilsetje tre stipendiatar, og i tillegg skal 1 stipendiat ta opptak ved UiS. - UiS har fått innvilga beløp: € 595497.59 (Beløpet gjaldt opprinneleg søknad, og vil verte endra i tråd med det auka tilskotet av stipendiatar)

Novel antimicrobial approaches to combat multidrug resistance in bacteria (STOP SPREAD BAD BUGS)

· Prosjektleiar: Magne Olav Sydnes ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet (TN), UiS. - UiS skal tilsetje 1 stipendiat i dette prosjektet. - UiS har fått innvilga beløp: € 297748.79

Research Training to Design and Implement Tools Supporting Safe Teamwork in Healthcare (Tools4Teams)

· Prosjektleiar: Sissel Eikeland Husebø ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiS. - UiS skal i dette prosjektet tilsetje to stipendiatar. - UiS har fått innvilga beløp: € 595497.59

– Desse nettverka er viktige fordi dei bidreg med ny kunnskap på fagområde der det er stort behov for meir kunnskap.

Merete Vadla Madland , prorektor for forskning ved UiS

Desse UiS-tilsette vert omtala i saka:

Professor i spesialpedagogikk
51832914
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor i kjemi
51831761
Det teknisk- naturvitenskapelige fakultet
Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi
Prorektor for forskning
51832253
Divisjon for forskning
Professor i sykepleiefag/kurskoordinator SAFER
51834194
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi