Lurer du på kva prestasjonar som ligg bak årets nobelpristildelingar? Torsdag 9. desember kl. 18 kan du få svaret servert på eit sølvfat. Då vil forskarar frå UiS og SUS forklara kva framsteg som vert feira.

Kvart år blir nobelprisane delt ut til folk som har gjort ekstraordinære prestasjonar innanfor sine fagfelt. Dette går føre seg med pomp og prakt i desember månad, og prisvinnarane blir gjort stas på under den såkalla Nobel-veka i Stockholm og Oslo.
Ofte er det svært få utanfor prisvinnarane sine eigne fagfelt som verkeleg forstår prestasjonane som ligg til grunn for prisen. Universitetet i Stavanger har derfor 9. desember eit Nobelpris-arrangement der fagfolk som er knytta til Stavanger universitetssjukehus og UiS vil presentere årets prisvinnarar, forklare bakgrunnen for prisane og kva vitskaplege oppdagingar og bidrag som vert feira.
Arrangementet har fått tittelen Nobel-pub, og finn stad i Kafé Ask og Embla på Arkeologisk museum kl. 18 torsdag 9. desember. Dørene opnar 17.30.
En hyllest til store prestasjonar
Datoen 9. desember er valt fordi dette er kvelden før sjølve prisutdelinga. Alle føredragshaldarane her i Stavanger er folk som har jobba med tematikk som er relatert til årets pris. Dei får 10 minutt på seg til å fortella om kva desse prisane markerer av framsteg innanfor fysikk, kjemi, medisin, økonomi, fred og litteratur.
– Vi ønsker å få fram at prestasjonane som ligg til grunn for prisane også betyr noko for liva til folk her i regionen. Dette er ein hyllest til vitskapen, litteraturen og fredsarbeidet. Ved å løfte fram desse vitskaplege prestasjonane og bidraga skal vi som samfunn få inspirasjon og håp for framtida, sier Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved UiS og ein av initiativtakarne til arrangementet.
Ekspertise i Stavanger
Årets nobelpris i medisin omhandlar forskningsoppdagingar på nervesignal for korleis vi føler varme og berøring, og ved SUS finst det leiande ekspertise på dette området.
– Medisinprisen er bare eitt av eksempla på at prestasjonene bak nobelprisane har gjenklang i regionen, seier van der Giezen.
Denne prisen vert presentert av Karoline Lode Kolz, som er overlege ved avdeling for klinisk nevrofysiologi på SUS og stipendiat ved UiS. Ho forskar på om augeblikkeleg hud-mot-hud på fødesalen er betre enn kuvøse for premature og ustabile barn.
– Eit prematurt barn som vert skilt frå foreldra ved fødsel og plassert åleine i kuvøse, vil oppleve økt stress i forhold til eit barn som vert lagt hud mot hud umiddelbart etter fødsel. Dei første timane ser vi på korleis dei stabiliserer temperatur, pust og hjerterytme. I tillegg vert dei følgt opp gjennom fleire år for å sjå korleis dei utviklar seg mentalt og fysisk, fortel Lode Kolz.
Spenning kvart år i fagmiljøa
– Det er alltid knytta stor spenning i dei ulike fagmiljøa når nobelprisane vert kunngjort. Nokre gonger treff det akkurat på eit felt som du sjølv jobbar med, andre gonger er det meir fjernt. Men spenninga er der likevel, seier van der Giezen som har planlagt arrangementet sammen med Alexander Rothkopf, førsteamanuensis i fysikk ved UiS og Olav Eggebø frå forskingsavdelinga ved UiS.
Desse presenterer prisane:
- Medisinprisen vert presentert av Karoline Lode Kolz, overlege ved SUS og ph.d-kandidat ved UiS. Nobelprisen i fysiologi eller medisin for 2021 går til David Julius og Ardem Patapoutian for oppdaginga av reseptorane som gjer oss i stand til å kjenna temperatur og berøring.
- Kjemiprisen vert presentert av Marianne Bore Haarr, stipendiat ved Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi. Benjamin List og David W.C. MacMillan er tildelt nobelprisen i kjemi for å ha utvikla ein revolusjonerande ny metode for å produsere kunstige kjemiske molekylar.
- Fysikkprisen vert presentert av Eva Rauls, professor i teoretisk fysikk ved UiS. Nobelprisen i fysikk for 2021 går til Syukuro Manabe og Klaus Hasselmann for å ha lagt grunnlaget for vår kunnskap om jordas klima og korleis menneskeheita påverkar det.
- Litteraturprisen vert presentert av Brita Strand Rangnes, prodekan for undervisning ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, og universitetslektor i engelsk litteratur. Prisen går til den tanzanianske forfattaren Abdulrazak Gurnah, for måten han har skildra kolonialismen på.
- Fredsprisen vert presentert av Turid Borgen, dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultet, og førsteamanuensis i journalistikk. Nobels fredspris for 2021 er tildelt den amerikansk-filippinske journalisten Maria Ressa og den russiske redaktøren Dmitrij Muratov for kampen deira for ytringsfridomen.
- Økonomiprisen vert presentert av Mari Rege, professor ved Handelshøgskolen UiS. Prisen, som eigentleg er Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel, er i år delt mellom tre vinnarar. David Card får prisen «for sitt empiriske bidrag til arbeidsmarknadsøkonomi,» medan Joshua D. Angrist og Guido W. Imbens får prisen «for deira metodologiske bidrag til analysen av kausale samanhenger», som det heiter i grunngjevinga.