Czech Technical University in Prague
Czech Technical University (CVUT) ligg i den vakre, gamle hovudstaden Praha i Tsjekkia. Gamlebyen har eit yrande folkeliv med koselege restaurantar og kaféar. Elva Vlata renn midt i byen og deler sentrum i to. Er du på jakt etter eit unikt utvekslingsopphald treng du ikkje leite lenger.
Informasjon om utdanningsinstitusjonen
Czech Technical University (CVUT) er eit av dei eldste og største universiteta i Tsjekkia, frå 1707. Det er ca. 24.000 studentar ved universitetet, fordelt på sju fakultet og tre forskingssenter. Hovudvekta på utdanningane er teknisk-naturvitskaplege fag. Det finst kafeteriaer med rimelig mat fleire stadar på campusområdet. International student Club tilbyr assistanse, pick up-service, fadderordning, sightseeingturar og andre sosiale aktivitetar til internasjonale studentar. Universitetet tilbyr også eit introduksjonsprogram ved oppstart for nye studentar. Studentar får hjelp til å ordne det meste av praktiske/administrative ting i oppstartsveka.
UiS har ein Erasmus+ med CVUT innan fagområdet ingeniør og informsjonsteknologi/data
Undervisningsspråk
Krav om språkkunnskapar
Studentar som ønsker å reise på utveksling til dette universitetet må ha minimum B2 (les: høgare mellomnivå) i engelsk i henhold til Europarådets nivåskala for språk.
Studentar som ikkje oppfyller kravet vil få tilbod om online språkkurs i forkant av opphaldet.
Krav om karakterer
Antal utvekslingsplassar totalt
Ingeniørfag: 4
Informasjonsteknologi: 2
Informasjon om skulepengar
Moglegheit for stipend
Erasmus+-stipend i tillegg til lån og stipend fra Lånekassen.
Semesterorganisering
Haustsemester: medio september - medio januar
Vårsemester: medio januar - slutten av juni
Dersom utvekslingssemesteret avsluttes senere enn det påfølgende semesteret starter ved UiS, vil instituttet/fakultetet (i samarbeid med partnerinstitusjonen) sørge for tilrettelegging av din utdanningsplan, slik at du ikke blir forsinket i dine studier.
Det finnes ulike muligheter for tilrettelegging: Det kan være at man tar emner som ikke krever at man er tilstede under eksamensperioden, at man får fritak fra obligatorisk undervisning ved UiS eller at man får forlenget frist for innlevering av bachelor- og masteroppgave. Kontakt din studiekoordinator for mer informasjon.
Val av emne
Studiepoeng i utlandet
Bustad
Internasjonalt kontor hjelper til med å finne bolig. Her kan du lese mer om boligtilbudet. Organisasjonen ”SUZ” administrerer bustadsordninga og kafeteriaene. Prisnivået er lågare enn i Noreg og kvaliteten kan vere lågare enn det ein er van med heimefrå. Det er derfor viktig at ein tek seg tid til å lese om dei aktuelle bustadtilboda før ein sender søknad.