Algebraisk geometri

Algebraisk geometri er ein del av matematikken som klassisk er vigd studiet av løysingsmengdene til polynomielle likningar i fleire variable, såkalte algebraiske varietetar. Moderne algebraisk geometri inkluderer òg studiet av meir abstrakte strukturar.

Publisert Sist oppdatert

Algebraisk geometri-gruppa ved UiS arbeider hovudsakleg innanfor projektiv geometri, der dei undersøker varietetar som ligg inne i projektive rom. Forskarane fokuserer på følgande tema:

  • Calabi-Yau-varietetar (ein klasse varietetar i ytterkanten av det vi har kunnskap om frå eit klassifikasjonssynspunkt, med rike bruksmåtar i andre deler av matematikken)
  • Fano-mangfoldigheiter (klassiske algebraiske varietetar studert allereie på 1930-talet)
  • Modulrom (varietetar som parametriserer andre objekt)
  • Enumerativ geometri (å telle talet på geometriske objekt av ein bestemt type, som til dømes talet på kurver på ein algebraisk varietet)
  • Deriverte kategoriar (ein abstrakt struktur assosiert til algebraiske varietetar)
  • Stabilitetsvilkår (strukturer som gjer konstruksjon og analyse av modulrom mogleg)

I perioden 2014-2018 var forskingsgruppa vertskap for prosjektet "Knipper på abelske varietetar", finansiert av Forskningsrådet og Universitetet i Stavanger.

Forskergruppa

Professor i matematikk
51831808
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for matematikk og fysikk
Førsteamanuensis i matematikk
51831195
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for matematikk og fysikk
Stipendiat i matematikk
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for matematikk og fysikk
Universitetslektor, vikar
51831825
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for matematikk og fysikk