Om UiS
Universitetet i Stavanger er eit innovativt og internasjonalt universitet. Vi er ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. UiS utfordrar det velkjente og utforskar det ukjente.
12.383
1926
61
1488
Kven er vi?
UiS skal vere eit ope universitet med høg trivsel blant våre studentar og tilsette. Grøn omstilling, energi, helse og velferd, læring for livet og eit godt lærings- og arbeidsmiljø er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd.
Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og fleire nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. UiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.
Dei seks fakulteta våre
Organisasjonen
Leiinga og administrasjonen
Forsking og samarbeid
Innovasjon for berekraftig omstilling
Grafane for forsking ved UiS har dei siste åra peika jamt oppover. Samanlikna med dei andre universiteta er vi tredje best på publisering per vitskapleg tilsett.
Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med forskingsinstituttet NORCE Norwegian Research Centre. Det er òg fleire senter for forsking som er etablert mellom UiS og NORCE og andre aktørar.
Innovasjonsselskapet Validé er vår reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Validé driv teknologioverføring, kommersialisering og inkubatorverksemd, og er lokalisert i Innovasjonspark Stavanger. Inkubator er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder.
UiS er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU).
Bli kjent med
Strategien vår
Vår felles retning skal vere prega av ansvaret for berekraftig omstilling. Vi skal vere kjenneteikna av høg trivsel blant studentar og tilsette. Energi, helse og velferd, og læring for livet er satsingsområda våre.
Eit UiS for studentane
Universitetet i Stavanger har eit variert studietilbud innan 15 forskjellige studieretningar. I tillegg har vi ein rekke etter- og videreutdanningar. Sjå studiane våre.
Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar. I 2022 var antal studentar på UiS 12 506.
UiS har to campus: campus Ullandhaug og campus Bjergsted.
UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Kulturscenen Folken er studenthuset i Stavanger sentrum.