Pengyu Zhu har forsvart si doktoravhandling i offshoreteknologi ved Universitetet i Stavanger. Han har sett på svikt i systemet som måler alvorlege hendingar, den såkalla SIF-indikatoren.
SIF-indikatoren, «Serious Incident Frequency» eller frekvensen på alvorlege hendingar, måler talet på faktiske og potensielle alvorlege hendingar per million arbeidstimar.
Pengyu Zhu har funne fram til nye metodar for å forbetre styringa av SIF-indikatoren i drift og vedlikehald.
Pålitelegheit og risiko
Resultata er positive både når det gjeld systemets pålitelegheit og kvaliteten, også med tanke på økt bevisstheit om risiko og økonomiske fordelar på kort og lang sikt.
I arbeidet med avhandlinga har Pengyu Zhu gjennomført rundt 20 intervju med ekspertar på SIF- systemet for å samle inn kvalitative og kvantitative data, for å identifisere kunnskapshull og utforske forbetringspotensialet.
Han har også gjennomført éin casestudie med operatørselskapa og éin med tekniske leverandørar.
Svikt i nødstanssystem
I den første casestudien studerte han sviktmekanismane i nødstanssystem (ESD) og korleis farlege feil ble påvist med ValveWatch.
I den andre casestudien så han på dei kritiske datasetta og forbetringspotensial for drift- og vedlikehald relatert til ESD-system.
Pengyu Zhu oppfordrar olje- og gassindustrien til å vurdere alternativ oppfølging av SIF-er i drifts- og vedlikehaldsfasen.
Auka potensiale
Avhandlinga er blant dei første som systematisk studerer fordelane ved bruk av online overvakingssystem for å forbetre drift og vedlikehald til SIF-er som opererer med lav hyppigheit.
Den nye framgangsmåten kan hjelpe selskapa med å få kontroll over tryggingssystema, med meir potensiale for å oppdaga feil og auka medvit om ulike høve.
Pengyu Zhu er 33 år gammal og kommer frå Shandong i Kina. Han bur i Stavanger og er tilsett hos Safetec Nordic AS.