UiS er ein partnar for skuler og barnehagar i Rogaland og elles i landet gjennom desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskulen (DEKOMP) og regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagar (REKOMP).
DEKOMP – kompetanseutvikling i partnarskap med skule
UiS er ein partnar for skular både i Rogaland og elles i landet i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling (DEKOMP) i grunnskulen. Her kan du lese meir om korleis du kan samarbeide med UiS om å gjere din skule betre.
Utgangspunktet for DEKOMP-ordninga er at utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den enkelte skule eller kommune/fylkeskommune har. Skuleeigarane gjennomfører sjølv eigne kompetanseutviklingstiltak i samarbeid med lærarutdanninga, ut frå overordna rammer og premiss frå staten.
På dette bakteppet har skuleeigarar i Rogaland, Fylkesmannen i Rogaland og UiS inngått eit langvarig partnarskap for skuleutvikling og kontinuerleg profesjonsutvikling i regionen. Arbeidet skjer i regionale samarbeidsforum, i tre utdanningsregionar i Rogaland: Nord-Rogaland, Midt-Rogaland og Sør-Rogaland.
Som lærarutdannar og universitet i dette partnarskapet deltar UiS i samarbeidsforuma og fungerer som utviklingspartnar for skuleeigararane i midt- og sør-Rogaland. Skulane i region Nord-Rogaland jobbar saman med Høgskulen på Vestlande
UiS bidrar med fagleg innhald i det lokale utviklingsarbeidet, det seg vere på nettverkssamlingar eller på den enkelte skule. Eit partnarskap kan også inkludere dei nasjonale sentra våre, Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret.
Dersom lesing er ein tematikk skulen ønsker å jobbe med, kan det vere eit godt val å involvere Lesesenteret. Lesesenteret er det leiande kompetansemiljøet i Noreg innan lesing og leseopplæring, og har lang erfaring med skulebasert kompetanseutvikling.
Læringsmiljøsenteret tilbyr kompetanseutvikling for å skape trygge og gode skulemiljø. Tilbodet er organisert i modular som kan setjast saman på ulike måtar. Alle modulane byggjer på erfarings- og forskingsbasert kunnskap om kva som fremmer kvalitet i læringsmiljøet.
Kontakt oss om DEKOMP
Ønskjer du meir informasjon om korleis UiS kan hjelpe din skule med kompetanseutvikling, anten gjennom DEKOM eller skreddarsydde tilbod, ta kontakt med Kåre Andreas Folkvord (51 83 32 77, kare.a.folkvord@uis.no).
Les meir om DEKOMP:
REKOMP – kompetanseutvikling i partnarskap med barnehage
UiS er partnar i den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagar. Dette partnarskapet skal bidra til at barnehagar utviklar den pedagogiske praksisen sin gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling. Målet er å sikre at alle barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet.
REKOMP-ordninga for regional, barnehagebasert kompetanseutvikling gir kommunane ansvar for kvalitetsutviklinga i barnehagane i langsiktige samarbeid med universitets- og høgskulesektoren. Gjennom barnehagebaserte kompetansetiltak kan tilsette i fellesskap styrke sin kompetanse og pedagogiske praksis i tråd med rammeplanen.
UiS bidrar med forskingsbasert og praksisretta innhald i barnehagebasert kompetanseutvikling. Gjennom kompetansen UiS har samla på dei nasjonale sentra og på barnehagelærarutdanninga kan vi som utviklingspartnar i eit REKOM-samarbeid bidra med barnehagebasert kompetanseutvikling knytt til språkutvikling og språkstimulering, livsmsetring, byrjande mobbeåtferd, fysisk læringsmiljø, lekbasert læring for dei eldste borna og leiing av eit trygt og godt barnehagemiljø.
Læringsmiljøsenteret ved UiS tilbyr kompetanseutvikling for å skape trygge og gode barnehagemiljø, både regionalt og nasjonalt. Tilbodet er organisert i modular som kan setjast saman på ulike måtar. På den måten kan barnehagen din velge sin egen veg inn i kompetanseløpet. Alle modulane bygger på erfarings- og forskingsbasert kunnskap om kva som fremmer kvalitet i læringsmiljøet. Vi gjer behovsanalyser saman med deg, og evaluerer resultata av utviklingsarbeidet i etterkant.
Ta kontakt med Læringsmiljøsenteret for meir informasjon.
Som forskningssenter ved UiS er også Lesesenteret ein aktuell aktør å involvere i dette arbeidet, for barnehageeigarar og barnehagar over heile Noreg. Forskarane ved Lesesenteret har spisskompetanse på språkutvikling og språkstimulering, språkvanskar og fleirspråklegheit, progresjon og tidleg innsats. Lesesenteret kan støtte og rettleie ressurspersoner, være partnar ved utvikling av faglege nettverk, eller vere med på laget når barnehageeigarar ønsker å utvikle eigne strategiar eller overordna planer.
Les meir om kva eit partnarskap med Lesesenteret kan innebere.
UiS har også store ressursar og barnehagekompetanse knytt til Filiorum – senter for barnehageforsking, og Institutt for barnehagelærarutdanning.
Kontakt oss om REKOMP
For meir informasjon om korleis UiS kan hjelpe deg med kompetanseutvikling i din barnehage, ta kontakt med Kåre Andreas Folkvord (51 83 32 77, kare.a.folkvord@uis.no) eller Vigdis Eidsvåg (51 83 27 66, vigdis.eidsvag@uis.no)
Etter- og vidareutdanning for tilsette i skule og barnehage
UiS tilbyr ei lang rekke kurs og utdanningar for deg som jobbar i skule og barnehage.
Gjennom Utdanningsdirektoratetet har vi mellom anna Kompetanse for Kvalitet. Dette er vidareutdanning både for lærarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring, som gir fordjuping i skulefag på 60 studiepoeng. Vi har også tilbod innan rettleiing, småbarnspedagogikk, mobbing, skulemiljø, klasseleiing og barns språkutvikling og språklære, lærarspesialist og mykje meir.
Undervisninga er tilpassa deg som er i arbeidslivet, og lar deg kombinere jobb og studiar - ofte som ein kombinasjon av aktivitetar på nett og samlingar. Du blir undervist av nokre av Noregs fremste forskarar og førelesarar innan utdanningsvitskap.
Minecraft som kompetanseheving
Hvordan kan lærere utnytte det pedagogiske potensialet i data- og videospill? Nå utvikles et kurs hvor lærere får opplær...
Knytter teori og praksis tettere sammen gjennom universitetsskolesamarbeidet
Førsteårsstudentene ved lærerutdanningen får undervisning om tematikken 'vurdering' på Lunde ungdomsskole. Lærere fra sk...
Kristianslyst skole er nyeste tilskudd i universitetsskolefamilien ved UiS
UiS inngikk høsten 2021 en avtale med Kristianslyst skole om å være universitetsskole i perioden fram til 2025.
- Et samspill
Universitetsskolesatsingen utvikler skolen, lærerprofesjonen, universitetet og elevene. Det mener Anne Lunde, rektor ved...