Disputas om kva mål terroristar vel

Cato Hemmingby, forskar ved Politihøgskolen, har studert terroristar sitt val av mål og kva som påverkar valet deira.

Publisert Sist oppdatert

Cato Hemmingby
Cato Hemmingby disputerte 17. september 2019.

(Første gang publisert september 2019)

Hemmingby har blant anna studert planlegginga og avgjerdsprosessane til Anders Behring Breivik og 22. juli-angrepa. Studien av Breivik viser kva som faktisk skjedde med tanke på planlegging og forløp.

Planlegging og val av terrormål er komplisert og dynamisk for terroristar, fordi det er så mange faktorar som verkar inn. Breivik måtte endre planane sine ei rekkje gonger og lukkast ikkje med å gjennomføre dei opphavlege plana sine. Breivik blei pressa på både tid og pengar, og han miste noko av eigenkontrollen over prosessen.

Hemmingby har også studert militante islamister i Vest-Europa frå 1994-2016. Han har kartlagt kva mål dei føretrekkjer, i kva grad dei angrip vilkårlege sivile, om dei prioriterer forsvarslause mål framfor objekt som er godt sikra, og om dei har fokus på massedød. Forskinga viser at målval og angrepsmetodar som oftast er konservative, men utfordringa ligg i at dei har ei nærmast endelaus mengd mål å velje blant. Det er ein tydeleg preferanse for å angripe vilkårleg sivile i offentleg rom og offentleg transport, og utover det er også politi og militære attraktive målgrupper.

Forskinga er nyttig for akademia innan terrorisme og samfunnstryggleik, praktikarar som arbeider med trusselutvikling og førebyggjande tryggleik, samt myndighetsinstitusjonar som har behov for underlag til utvikling av relevante strategiar og prioriterte førebyggjande tiltak. Den er også interessant for sektorar som transport og justis- og forsvar, fordi er utsett som mål for terrorisme.

Cato Hemmingby har ein mastergrad i midtøstenstudiar frå Universitetet i Oslo. Han er stipendiat ved Politihøgskolen og utgreiingsleiar i Kommunalt- og moderniseringsdepartementet.

Han disputerer for ph.d.-graden i risikostyring og samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger 17. september 2019.

Hemmingby forsvarer avhandlinga Terrorists and targets – A relationship founded on bad intentions, limited capacities and risk willingness.