Kjersti Berge Evensen har forska på korleis helsepersonell og kjøkkenpersonell på institusjonar deler informasjon om mat og om pasientane sine ernæringsmessige behov og ønske.
(Første gang publisert april 2019)
Berge Evensen fann at helsepersonell ikkje er særleg involvert i kommunikasjon med kjøkkenet, sjølv om dei har mange oppgåver og mykje ansvar knytt til mat og matservering. Helsepersonell tek likevel eigne initiativ for å forbetre maten dei serverer pasientane. Dersom kjøkkenet er plassert på institusjonen slik at helsepersonell har personleg kontakt med dei som jobbar på kjøkkenet, hjelper dette til at dei to yrkesgruppene deler meir informasjon med kvarandre.
Samtidig fann ho at dersom helsepersonell opplever nær sosial kontakt med kjøkkenpersonell (uavhengig av om kjøkkenet er langt frå avdelingane), og dermed deler meir informasjon, blir tendensen redusert til at dei tek eigne initiativ for å forbetre maten.
Forskingsresultata er viktige for å forstå korleis kjøkkenpersonell og helsepersonell utvekslar informasjon om mat og pasientane sine ernæringsmessige behov og ønske. Forskingsresultata hjelper også til auka forståing av kva faktorar som er viktige for å auke informasjonsdeling mellom kjøkkenpersonell og helsepersonell.
Berge Evensen disputerte for graden ph.d. i leiing, økonomi og reiseliv ved UIS 12. april 2019, med avhandlinga A two-way monologue: Three papers on information sharing in institutional food services.
Ho er psykologspesialist og forskar ved Kompetansesenteret, Tannhelse Rogaland. Berge Evensen har vore knytt til Handelshøgskolen ved UiS og Måltidets hus under arbeidet med doktorgraden.