Det er ein tydeleg samanheng mellom born si evne til sjølvregulering og matematiske ferdigheiter, viser ny doktorgrad. Fredag 18. september 2020 disputerte Dieuwer ten Braak for doktorgrada i utdanningsvitskap ved Universitetet i Stavanger.
Ho forsvarte avhandlinga «Early Childhood Executive Function, Literacy, and Mathematics – Direction of Effects and Domain-Specificity Across the Transition to School».
Ten Braak har undersøkt samanhengen mellom eksekutive funksjonar – det vil seie sjølvregulering, oppmerksemds– og åtferdskontroll – og tidlege lese- og matematikkferdigheiter hjå born i overgangen mellom barnehage og skule.
Viktig å læra å hemje impulsar
I tidleg alder opplever små born ei enorm utvikling av kognitive ferdigheiter – deriblant eksekutive funksjonar som sjølvregulering. Men kva er det? Og kvifor er det så viktig – særskild for born?
– Sjølvregulering eller såkalla «eksekutive funksjonar» er evna til å hemje impulsar, oppdatere arbeidsminnet og fleksibelt skifte oppmerksemd. Desse evnene er viktige fordi det er gjennom bruk av til dømes sjølvregulering at vi klarar å konsentrere oss, løyse komplekse problem, samt å planleggje og gjennomføre oppgåver, forklarer stipendiat Dieuwer ten Braak ved Læringsmiljøsenteret.
Vidare er det viktig for utvikling av sosiale ferdigheiter, i leik og samspel med andre born, men også for utviklinga av akademiske ferdigheiter, som å lære å lese, skrive og løyse matematiske oppgåver.
Sterk samanheng med matematiske ferdigheiter
Eksekutive funksjonar og akademiske ferdigheiter, det vil seie tidlege lese- og matematikkferdigheiter, som born tileignar seg før skulestart, er ifølgje ten Braak kanskje dei sterkaste indikatorane på seinare akademiske ferdigheiter og resultat i vidare skulegang.
– Den sentrale rolla desse ferdigheitene har i tidleg alder, og deira betyding for seinare utvikling, gjer at det er viktig å forstå korleis desse ferdigheitene er relatert til kvarandre i overgangen mellom barnehage og skule. Forsking på utvikling av tidlege ferdigheiter kan gje verdifull informasjon om kvar og korleis vanskar kan oppstå og kvar ekstra ressursar bør setjast inn for å støtte born si utvikling, seier ho.
Eit av hovudfunna til Dieuwer ten Braak er at det er ein tydeleg samanheng mellom born si sjølvregulering og deira matematiske ferdigheiter. Det kom også fram at språk er ein viktig føresetnad for sjølvregulering.
– Fantastisk bra gjennomført
Disputasen vart leia av senterleiar Dag Jostein Nordaker ved Læringsmiljøsenteret, UiS. I omdømmingskomitéen sat professor Kerry Lee frå Education University of Hong Kong, førsteamanuensis Imac Maria Zambrana frå Universitetet i Oslo, og professor Thomas Moser frå Læringsmiljøsenteret ved UiS. Tilbakemeldingane frå omdømmingskomitéen var gode, og Thomas Moser konkluderte med at disputasen var svært godt gjennomført.
Hovudrettleiaren til Dieuwer ten Braak har vore professor Ingunn Størksen ved Læringsmiljøsenteret, UiS. Medrettleiarar har vore professor Thormod Idsøe ved Læringsmiljøsenteret og Nasjonalt utviklingssenter for born og unge, og professor Megan McClelland frå Oregon State University i USA.
Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Mari Løvås/UiS