Musikkproduksjon og opptaksteknikk høyrer til Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon ved Fakultet for utøvande kunstfag.
Studiet er ei unik utdanning for personar med ei spesiell interesse for musikkproduksjon, opptak og lydteknologi. Gjennom studiet får du ein allsidig praksis, med særleg fokus på akustisk musikk.
Søknadsfrist for musikkproduksjon og opptaksteknikk er 1. mars. Her kan du lesa meir om studiet og om korleis du søkjer.
Tilsette
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Sidan 1994 har Universitetet i Stavanger tilbode eittårig studieprogram for avansert musikkproduksjon og opptaksteknikk (MPR). Studiet er meint for vidarekomne studentar og dyktige fagpersonar, og har fokus på innspeling av akustisk musikk. Studentane får ei unik moglegheit til å forbetra kompetansen og yrkesrøynsla.
Programmet er avgrensa til 15 studentar. På den måten vil kvar og ein få rikeleg studiotid og praksis. MPR-studenter jobbar tett med ei rekke profesjonelle samarbeidspartnarar, som til dømes Stavanger Symfoniorkester, Stavanger jazzforum, Folken og Tou Scene. Med studentar frå meir enn 35 land er programmet godt representert i det internasjonale lydmiljøet.
Mark Drews er fagseksjonsleiar for musikkproduksjon og opptaksteknikk. Studiet høyrer til Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon ved Fakultet for utøvande kunstfag.