Fakturainformasjon

Slik sender du faktura til Universitetet i Stavanger.

Publisert Sist oppdatert

Universitetet ønsker hovudsakeleg å motta elektronisk faktura i EHF-format, for å auke effektiviteten og spare miljøet. Vår elektroniske adresse er den same som vårt organisasjonsnummer: 971564679 (utan mellomrom). 

Ordrenummer frå UiS består av 9 siffer og startar med 31+årstal (24)+5 siffer og skal leggast i taggen Invoice/OrderReference/ID.

UiS sin bestillerkode, som består av 2-8 bokstavar skal leggast i taggen: Invoice /AccountingCustomerParty /Party/Contact /ID.

I nokre system må ein òg oppgi landkoden. Adressa blir då: 9908:971564679

Viss det ikkje er mogleg å sende i EHF-format, kan faktura sendast som PDF på mail til faktura@uis.no. Vi vil ikkje lenger ta imot faktura i papirformat.

Slik kjem du i gang med elektronisk handelsformat (EHF)

Organisasjonsnummer: 971 564 679