Disputas: Førebur eit doktorgradsløp studentar på å arbeide utanfor akademia? Det har Saeed Moghadam-Saman undersøkt i doktorgradsarbeidet sitt.
Han forsvarte avhandlinga Intersectoral collaborations of doctoral researchers and generic skills acquisition: A critical realist inquiry då han disputerte for ph.d.-graden i leiing, økonomi og reiseliv ved Universitetet i Stavanger 21. mai 2021.
Det er ein sterkt aukande etterspørsel etter forskingskompetanse i både næringsliv og i offentleg sektor, og aller mest attraktive er dei med doktorgradar. Spørsmålet er om ein i eit doktorgradsløp førebur studentar på å arbeide utanfor akademia?
Moghadam-Saman konkluderer med at når ein tilrettelegg for eit slikt løp så må næringsliv, offentleg sektor og akademia gå hand i hand. Ved å utforme og drifte doktorgradsprogram saman, kan kandidatane utvikle forretningseigenskapar parallelt med akademiske eigenskapar. For eksempel vil kursa for generiske overførbare kunnskapar vere meir effektive dersom dei blir utvikla på fakultetsnivå, i staden for på universitetetsnivå, fordi fakulteta kan tilpasse dei generiske kunnskapane i samsvar med fagdisiplinen.
Han har samla inn data ved hjelp av undersøkingar og intervju for å finne ut korleis doktorgradskandidatar så vel som akademikarar og bransjefolk oppfattar forskjellane mellom konvensjonelle og samarbeidande doktorgradsprogram. Data er samla inn i Noreg, Sverige, Danmark, Nederland og Spania.
Saeed Moghadam-Saman er del av det store EU-finansierte forskingsprosjektet RUNIN (the Role of Universities in Innovation and Regional Development). Sju europeiske universitet har undersøkt korleis universitet og bedrifter kan samarbeide for at regionar skal klare omstillinga dei står overfor.
Saeed Moghadam-Saman har ein master i Industrial Management frå Universitetet i Borås, Sverige, og ein bachelor i Industrial Engineering frå Azad University i Iran. No jobbar han ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskolen på Vestlandet. Moghadam-Saman er frå Teheran, Iran, og er busett i Bergen.