Eit nytt utdanningsprosjekt skal styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning ved partnaruniversitet i Malawi og Tanzania .
Kamuzu University of Health Sciences (KUHeS) i Malawi Kilimanjaro Christian Medical University College i Tanzania Universitetet i Stavanger
Simuleringsbasert opplæring blir i stadig større grad tatt i bruk for å forbetra eller utfylla tradisjonell undervisning og praksisopplæring slik at studentar blir betre førebudd på kliniske utfordringar. Likevel er ikkje bruken av slike undervisningsmetodar utbreidd blant helseutdanningar i Afrika sør for Sahara.
For å løysa identifiserte kunnskapshol i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania, vil kapasitetsbygging innan simuleringsbasert utdanning ved universiteta og praksisfeltet vera ein nøkkelkomponent.
Det overordna målet for prosjektet er derfor å dela kunnskap om og implementera simuleringsbasert undervisning for å styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania. Betre kompetanse blant vitskapleg tilsette og kliniske rettleiarar kan auka kvaliteten på helseutdanning og tenester i låg- og mellominntektsland.
Det skal òg utviklast eit system for å sikra berekraftig kapasitet på simuleringsbasert utdanning og forsking i Malawi og Tanzania, og styrka regionalt og internasjonalt samarbeid. Mellom anna vil prosjektet finansiera fire doktorgradsstudentar og seks masterstudentar, som igjen kan formidla kunnskap vidare til lærarar ved sjukepleiar- og jordmorutdanningar i landa.
Prosjektet har fått støtte frå Norad gjennom programmet NORHED II.
Deltakelse på SESAM-konferanse
NORHED II-prosjektet knytta til implementering av simulering i Malawi og Tanzania var representert med tre abstracts på årets SESAM-konferanse i Praha 19. - 21. juni.
Gertrude Mwalabu frå partnerinstitusjonen i Malawi heldt ein flott muntlig presentasjon om baseline knytt til simulering i Malawi. Ho sjarmerte alle med «come to Malawi and learn from us – you will like it». Paulo Kidayi frå partnerinstitusjonen i Tanzania hadde eit E-poster-framlegg med data frå Tanzania, medan Bodil Bø heldt ein munnleg presentasjon med refleksjonar og preliminære analyser av prosjektet som no er halvvegs i prosjektperioden. Gertrude og Paulo knytta mange kontakter – deriblant med Jo Park-Ross,som har initiert eit nettverk for simulering i Afrika der dei begge blei invitert med. Ein flott konferanse med mange gode innlegg og litt tid til å vere turist i Praha.