Kristina Sundt Eriksen har forska på kva for nokre psykososiale og fysiske faktorar som er viktige for rekonvalesens når personar over 80 år har gått gjennom operasjon for tjukk- eller endetarmskreft.
Ho forsvarte avhandlinga Psychosocial and physical factors of importance for recovery from curative colorectal cancer surgery among persons ≥80 years old: a mixed method study, då ho disputerte for ph.d.-grada i helse og medisin ved Det helsevitskaplege fakultetet 7. september 2023.
Kva fann du ut?
Studien viste at rekonvalesens blir påverka av mellom anna meistringsevna til personen, tilgjengelege ressursar og opplevde utfordringar.
Den første tida etter operasjonen var krevjande for dei fleste. Manglande informasjon i tillegg til fysiske og psykososiale problem og det å få ein stomi (utlagd tarm) som del av kreftoperasjonen, la byrde til rekonvalesensen. Fleire av deltakarane hadde andre ikkje-relaterte helseutfordringar som kunne medføra ekstra utfordringar. Ein del symptom etter kreftoperasjonen gav seg etter ei stund, medan fleire heldt fram eit til to år og påverka kvardagen til den eldre personen. Desse utfordringane kunne medføra at dei eldre mangla kapasitet til å meistra rekonvalesensen.
Pasientane var ganske hardføre trass i utfordringane dei erfarte, og dei tileigna seg ny kunnskap for å meistra kvardagen. Meistringskapasiteten var tilnærma lik for menn og kvinner, men det vart funne ein samanheng til fysisk funksjon.
Sosial støtte vart beskriven som ein viktig ressurs knytt til fysiske oppgåver og psykisk støtte. Denne støtta kunne sosialt nettverk så vel som helsetenesta dekkja. Me fann ein samanheng mellom re-innleggelse og lågare verdiar i opplevd sosial støtte. Kvinner oppgav også høgare verdiar av opplevd sosial støtte enn menn.
Dei eldre beskreiv ei veldig takksemd for hjelpa og behandlinga dei hadde fått frå spesialist og primærhelsetenesta, men studien viste ein mangel på kontinuitet i behandlingsforløpet og vidare inn i rekonvalesensen.
Eit anna funn var eit sprik mellom forventa og tilboden hjelp. Når dei eldre mangla pårørande som kunne hjelpa med organisering av oppfølging etter kreftoperasjonen, kunne dette fort påverka etterlevinga i oppfølginga.
Korleis kom du fram til dette?
Studien består av to studiar med djupneintervju der 10 personar er intervjua ca éin månad etter operasjonen for tjukk- eller endetarmskreft og 18 personar er intervjua eitt til to år etter operasjonen. I tillegg er det ein studie der 56 personar har svart på ein spørjeskjemapakke eitt til fem år etter gjennomgått operasjon.
Kva kan forskingsresultata brukast til?
Funna frå studien er relevant for helsepersonell i spesialist- og kommunehelsetenesta i oppfølginga deira av eldre personar som har gått gjennom operasjon for tjukk- eller endetarmskreft. Funna viser at dei eldre ikkje nødvendigvis gir beskjed når dei opplever problem. Det betyr at helsepersonell må ha kunnskap om gruppa og vera årvaken og spørjande om moglege utfordringar den eldre kan erfare etter operasjon. Studien viser også at det er behov for eit større fokus hos helsepersonell på organiseringa og koordineringa av ulike helsetenester den eldre har, sidan dette vart sett å kunna medføra eit stort press på den eldre. Funna frå studien er i tillegg relevante som preoperativ informasjon til framtidige eldre personar diagnostisert med tjukk- eller endetarmskreft. Sidan det til no er mangel på kunnskap om eldre personars oppleving av rekonvalesens og påverkande faktorar etter gjennomgått operasjon for tjukk- eller endetarmskreft, legg denne studien eit viktig fundament for område som treng meir forsking.
Stavanger universitetssjukehus har finansiert doktorgradsarbeidet.