Norsk barnehageforskningskonferanse vert arrangert 23-24. oktober i Bergen. I år er det BARNkunne - Senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet som er vertskap, og hovudtemaet for konferansen er Samskaping og forskingsbasert pedagogisk innovasjon i barnehagesektoren.
Det skjer allereie mykje samskaping i barnehagesektoren, som det å skape noko saman med barn, familiar, barnehagelærarstudentar, barnehagar, barnehageeigarar, forskarar, frivillige, ideelle organisasjonar og næringsliv. Det er denne viljen og dette engasjementet konferansen skal understøtte.
Deltema kan vere:
- Innovativ pedagogikk og design
- Ansvarleg innovasjon i utdanningspraksisar
- Partnarskap mellom ulike aktørar (barnehagelærarar, skule, foreldre og samfunn)
- Utfordringar og løysingsforslag for og med barnehagesektor
- Barns holistiske utvikling, vilkår og tilrådingar
- Leiing av danning, utdanning, barnerett, inkludering og mangfald
- Kunnskapsleiing
- Leiing av barnehagelærarars faglege utvikling
- Ferdigheiter; Kva kan ein barnehagelærar?
- Ferdigheiter; Kva kan ein barnehageforskar?
- Profesjonelle og interprofesjonelle læringsfellesskap
- Nordiske perspektiv, historiske og tverrkulturelle tilnærmingar
- Berekraftig praksisar innanfor sosiale, helsemessige, miljømessige og økonomiske område
- Språk og ulike former for literacy
- Leike- og læringsfellesskap blant barn
- Leik og kreative undervisningsformer i høgre utdanning
- Design og estetikk for og med barn ute og inne
- Forskingsbaserte prosjekt i barnehagar
- Etiske vurderingar i barnehageforsking
- Forskingsmetode
- Ope tema
Merk at undertema er breie døme som ikkje utelukkar andre tema eller tilnærmingar.
Krav til abstrakt:
- Abstrakt sendast digitalt innan 14. mai i Oxford Abstract
- Kvart abstrakt skal ikkje overstige 250 ord inklusive tittel. Forfattar(ar), institusjonstilknyting og kontaktinformasjon kjem i tillegg. Skriv tydeleg på kva type bidrag det er (verkstader (workshops), individuell presentasjon, drøymelag eller poster pitch).
For meir informasjon og oversikt over årets keynotes, besøk BARNkunnes konferansenettside her.