Studentar som har klaver eller song som hovudinstrument får solid instrumentalopplæring av dei ypperlege pedagogane til seksjonen.
Studentane får mange moglegheiter gjennom heile studietida til konsertframsyningar i ulike samanhengar. Seksjonen har utstrekt konsertverksemd på fleire scener i Stavanger-regionen.
Seksjon for klaver og song høyrer til Avdeling for klassisk musikk, som blir leidd av Bjørn Einar Halvorsen.
Dei klassiske akkompagnatørane høyrer også til denne seksjonen.
Søknadsfrist for studium i utøvande musikk er 15. desember. Her kan du lesa meir om studieprogramma og korleis du søkjer.
Kven undervisar i kva i seksjon for klaver og song?
Her finn du ein oversikt over alle tilsette i seksjon for klaver og song.
Seksjonsleiar er Friederike Wildschütz.
Klaver:
- Röhm, Daniel Ingo - hovedinstrument klaver
- Robledillo, Fernando Cruz - støtteinstrument klaver
Song:
- Norberg- Schulz, Elizabeth
- Smith, Bettina
Akkompagnatørar:
- Komani, Dorina
- Rabrenovic, Milan
- Robledillo, Fernando Cruz
- Tangen, Hans Petter
- Wildschütz, Friederike
Skuespillerteknikk:
- Arnstad, Mette Langfeldt
Les meir om dei tilsette i seksjon for klaver og song
Song
Songmiljøet ved fakultetet tilbyr med sine høgt kvalifiserte lærarar eit studium med vekt på både opera, Lied og tidleg musikk. Det nære samarbeidet med Opera Rogaland gir studentane unike moglegheiter for deltaking i produksjonar med profesjonelle utøvarar, regissørar og dirigentar. Årlege Liedprosjekt og arbeid med tidleg musikk-repertoar er også viktige element i den heilheitlige utdanninga.
Klaver
Klaverstudentane får eit studium med tett individuell oppfølging. Dei høgt kvalifiserte lærarane med sin bakgrunn i den store tyske klavertradisjonen vektlegg i tillegg til arbeidet med hovudinstrumentrepertoaret også eit nært samarbeid med songarane i årlege Liedprosjekt. Studentane blir oppfordra til å utvikle sin eigen repertoarprofil og får mange moglegheiter til konsertframsyningar i ulike samanhengar.