Min sommarjobb: Fløytestudenten jobbar frivillig med å arrangere seminar i heimlandet om somrane.
Cecilia Rospigliosi Salazar frå Bolivia har nettopp fullført ein master i utøvande musikk med fløyte frå Fakultet for utøvande kunstfag. Til hausten skal ho både jobbe som fløytelærar, samt ta PPU deltid.
I sommar skal ho jobbe frivillig saman med tre venner heime i Bolivia med fløytekurs for barn og unge.
Kva går dette prosjektet og denne «jobben» ut på?
Me ønsker å arrangere eit tre dagars fløyteseminar i Tarija for å hjelpe unge menneske mellom 7 og 18 år til å utvikle sin interesse og glede for musikk og fløytespeling. Me skal tilby opplæring både gruppevis og individuelt, og me skal også ha samtalar om ulike tema som blant anna mental helse og sceneskrekk. Samlinga blir avslutta med ein konsert der både me og elevane deltar.
Dette seminaret har me gjort fleire somrar, men nå etter covid har det blitt vanskeleg å få økonomisk støtte til prosjektet vårt. Derfor har me oppretta ein spleis for å dekke utgiftar til transport, lokale, overnatting og mat. Me som er lærarar gjer dette utan betaling.
Kvifor har du lyst til å gjere dette?
Eg begynte å spele fløyte då eg var ganske gammal, 15 år. Men eg hadde aldri lært å spele noko instrument viss det ikkje var for at familien min oppdaga eit sosialt prosjekt der eg fekk gratis opplæring og moglegheita til å oppdage musikk. Før det så var det kun priviligerte barn som kunne spele instrument (me har ikkje system for kulturskular i Bolivia). Så eg føler meg heldig som fekk moglegheita til å flytte til Noreg og følge draumen min om å bli profesjonell fløytist. Derfor vil eg dele alt eg kan med unge fløytespelarar i heimlandet mitt.
Då eg returnerte til Bolivia om somrane og besøkte prosjektet så fekk eg ofte spørsmål frå unge spelarar om blant anna teknikk, og då innsåg eg kor bra det ville vere å dele kunnskapen gjennom seminar. Det er fantastisk å sjå alt talentet og viljen som dei unge har, og kor mykje dei elskar musikk.
Kva har tilbakemeldingene vore frå elevane?
Dei føler seg veldig inspirert når dei får verktøy som kan forbetre spelinga deiras, og dei liker å ha moglegheita til å stille spørsmål. Mange av dei har blomstra og det er så kjekt å sjå korleis dei har forbetra seg på eit år! Å snakke om mental helse har også vore viktig, og me har prøvd å pushe dei til å spele på konsertar og til å støtte kvarandre.
Dei elskar verkeleg seminara og spør oss alltid om me kjem tilbake neste år. Dei seier at me inspirerer dei til å halde fram med å lage og spele musikk.
Eg har vore ekstremt heldig som enda opp i Noreg for å studere musikk, og det er fundamentalt for meg å kunne dele dette vidare heime.
Kva er det beste med å bruke sommaren på dette?
Eg trur det beste er den takksemda ein får frå elevane, og følelsen av å dele kunnskap. Som sagt så har eg vore ekstremt heldig som enda opp i Noreg for å studere musikk, og det er fundamentalt for meg å kunne dele dette vidare heime. Eg liker også å bruke tida mi her med å lage musikk saman med vennene mine.
Blir det noko ferie på deg i tillegg?
Ja, det blir nok tid til å ta med foreldra mine ut på kafé, spise god mat, gå på kino, og å få til ei familiesamling. Eg skal også få sett igjen vennane mine som eg ikkje har møtt på fleire år!
Kva er draumejobben din etter du er ferdig å studere?
Sidan eg skal begynne på PPU så tenker eg at ein lærarjobb ville vore flott. Men eg hadde også likt å jobbe som musikkbibliotekar. Det einaste eg veit 100 % er at uansett kva som skjer så skal eg halde fram med å spele fløyte!