Det blir innført avgiftsbelagt parkering på campus Ullandhaug. Det er klart etter møtet i Sentralt informasjon-, drøfting,- forhandlingsutval (IDF) på UiS den 22. januar.
Det er ikkje sett nøyaktig dato for innføring, men det skal skje i løpet av vårsemesteret.
Prisen vil vere per time, med ein makspris for studentar og tilsette på 50 kroner pr dag. Om kveldane og i helgar blir det gratis for studentar og tilsette. Eksterne gjestar vil få eigne satsar.
Grøn omstilling
Bakgrunnen for saka er den vedtekne campusutviklingsplanen for Universitetet i Stavanger (UiS). Der er det eit mål om fleire grøne område og meir biodiversitet, men UiS skal også bidra til internasjonale og nasjonale mål om klimakutt og naturbevaring. UiS har dessutan grøn omstilling som eit gjennomgripande satsingsområde i strategien vår.
Målet til regionen gjennom Bymiljøpakken er nullvekst i biltrafikken. Nullvekstmålet betyr at klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy i byområda skal reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransport skal skje ved at fleire reiser kollektivt, syklar og går.
Stadig fleire universitet og høgskular innfører no betalt parkering.
Mindre plass
I løpet av 2023 er det starta opp fleire utbyggingsprosjekt, noko som påverkar talet på disponible parkeringsplassar permanent.
Så langt har me hatt ein reduksjon på 300 parkeringsplassar, frå ca. 1500 til 1200 plassar fordelt på 1900 tilsette og ca. 12.000 studentar. Resultatet er mangel på parkeringsplassar på universitetsområdet, og når nye SUS opnar vil presset bli endå større.
UiS er eit ope universitet og ønskjer å tilby gode fasilitetar for alle som skal besøkje og samarbeide med UiS, og dessutan at alle som må køyra bil skal vera sikra ein parkeringsplass. UiS er i ein omstillingsprosess og kan derfor ikkje bruka pengar på nye parkeringsplassar.
Det er dermed behov for å regulera etterspurnaden etter parkeringsplassar. Grundige analysar viser at betaling kan verka formålstenleg.
Parkeringsavgift
Leiinga, i samråd med Sentralt informasjon-, drøfting- og forhandlingsutval (IDF), meiner derfor tida er inne for å innføra parkeringsavgifter på campus.
Det er ikkje vedteke kriterium for kven som kan bruke bil, slik SUS har innført. Alle har frå tid til anna behov for å køyre bil, men leiinga håper at parkeringsforholda på campus vil bli betre ved innføring av betalt parkering. Mobilitetsundersøkinga viser også at det er stor støtte blant tilsette og studentar for innføring av betalt parkering.
Betalinga blir maksimalt 50 kroner pr dag for tilsette og studentar. Overskotet vil gå til infrastruktur som tilrettelegging for trygge sykkelparkeringsplassar og annan infrastruktur, som lading for ein stadig aukande mengd elbilar.
Moglege nye ordningar
Vidare skal administrasjonen ved Avdeling for bygg og arealforvaltning (ABA) greia ut moglegheitene for at sykling til jobben kan inngå i ordninga trening i arbeidstida, og dessutan at dei som tek toget eller buss og faktisk jobbar kan skriva timar i samråd med leiar.
ABA vil også sjå på moglegheiter for støtte til kjøp av elsyklar for tilsette og studentar med vidare.
Ny orientering i mars
Rektor Klaus Mohn orienterte styret om saka i dag.
– Dei tillitsvalde og organisasjonane deira har langt på veg prinsipiell forståing for saka, men tek til orde for eit meir kriteriebasert system og eit lågare prisnivå. Me ser nok ein gong gjennom innspela i møtet, og orienterer sentralt IDF-utval om endeleg utfall før implementering seinare i vår, sa Mohn.
UiS vil oppdatere nettsidene med meir informasjon om parkeringsordninga når detaljane er klare.
Oppdatering 30. april 2024: Parkeringsavgiften er utsatt