På glimrande vis skapar pedagogisk leiar Ingunn i Haugland Gardsbarnehage forventning og engasjement til tekstane i ”Bokstavsommaren”. Sjå korleis vi med enkle grep kan få barna engasjerte i fabulerande, skapande språkaktivitetar.
Teksten dei jobbar med i filmen er fra Bokstavsommaren, ei samling tekstar som Erna Osland har skreve på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.
Du kan laste ned Bokstavsommaren til utskrift eller til skjermbruk.