Korleis får eg eit studentkort? Kva kan eg bruke det til? Og kva gjer eg viss eg har mista studentkortet?
Publisert
Sist oppdatert
Studentkortet er eit legitimasjonskort, og fungerer som
- lånekort for bøker på biblioteket
- nøkkelkort med inngang til bygg og ulike rom
- kort til utskrift og kopi
Slik får du studentkort
- Fullfør dei fire fyrste stegene i sjekklista for nye studenter
- Bestill studentkort i digital studentekspedisjon.
- Du får ein epost når studentkortet er klart til å hentast.
- Hent kortet ditt i skranken på Universitetsbiblioteket (MazeMap).
Grunna ferieavvikling vil ikkje studentkort bli skrive ut i juli.
Mista studentkortet?
Viss du mistar studentkortet eller mistenker at det er stole, må du straks melde frå til studentservice@uis.no. Det kostar 200,- kroner å erstatte kortet.
Varigheit
Studentkortet er gyldig i 5 år, eller til du er ferdig med studia dine. Dersom du byter studieprogram innan desse 5 åra, må du ta kontakt med studentservice@uis.no for å aktivere det igjen.
Tilgang til rom og utskrift
Du får automatisk tilgang til alle hovudbygg. Dersom du har behov for ekstratilganger til for eksempel datalab, må du kontakte fakultetet ditt.