Lene Kristine Solesvik går tredje året på bachelor i rettsvitskap. For henne har jussen blitt hennar lidenskap.
Kvifor valde du å studere rettsvitskap?
Eg hadde studert helsevitskap og vore nokre år i arbeidslivet før eg søkte meg inn på rettsvitskap. I utgangspunktet kom motivasjonen til å søke av at eg såg det var eit stort behov for juridisk kompetanse innan mange område i næringslivet, og merka at særleg det avtalerettslege interesserte meg. Etter at eg begynte å studere ser eg at det er fleire rettsområde som er utruleg spennande. Jussen har rett og slett blitt min «passion».
Kvifor valde du Universitetet i Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS?
Er er frå Stavanger-området og har studert eit par år på UiS tidlegare. Mi oppfatning var og er at Handelshøgskolen og UiS er fremoverlente og synlege i samfunnsdebatten. Det liker eg! Det er også stas at UiS har alt på eit campus. I tillegg til å gå på førelesing og lesesal kan du også her kjøpe pensumbøker, trene, ete god mat eller gå på bar.
Korleis ser ein typisk dag ut på UiS for deg?
Eg kombinerer å lese for meg sjølv heime med førelesinger og kollokviegrupper på campus. Eg liker godt å spise lunsj saman med studievener på Optimisten som er den største kantina på UiS, eller å ta ein kopp kaffi på bokkafeen i same bygg. Ofte er det mykje læring i at me diskuterer fag i ein litt meir uformell atmosfære.
Har du eit minne eller noko som du hugsar ekstra godt frå studietida til nå?
Me er så heldige at me har fått moglegheita til å vere med på mykje spennande. Eg må særleg trekke fram at me i forbinding med opplæring i folkerett hadde FN-panel kor me skulle representere ulike nasjonar i FN's sikkerheitråd. Oppgåva var å bli samd om ein resolusjon knytt til ein reell verdskonflikt. Dette var både morosamt og lærerikt.
Har du nokre råd for framtidige studentar?
Engasjer deg! Anten det er i JUFO (studentforeininga på rettsvitskap) eller andre verv. Dette gjer deg mange moglegheiter og du blir kjent med andre studentar og tilsette ved Universitetet.
For å lykkast med studiet så er mi oppfatning at det er nødvendig å jobbe jamnt og trutt med faga. Eg trur ein kombinasjon av lesing, og det å løyse oppgåver og diskusjonar med medstudentar, kan gje gode resultat. Like viktig er det å ta pausar og nyte studietida utanom det faglege også.
Les også:
Les meir om Handelshøgskolen og våre jus-utdanningar
Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS
Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi
Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...
Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år
Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...
Roald Martinussen 70 år
Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.
Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere
Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...
Nytt årsstudium i økonomi og ledelse
Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!
Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater
Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...
Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA
– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...
Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport
Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...
Nordens største økonomifestival – for sjuende gang
Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...
Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!
Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiane med jobb hausten 2...
Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv
Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...
Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger
Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...
Lærer studentane å bruka AI
Det vil vera avgjerande å meistra AI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...
Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking
Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...
Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning
Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...
UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking
Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...
Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet
Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...
Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen
Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.
Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger
Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...