Forskingsprosjektet SPrELL ved Lesesenteret, UiS, har blitt tildelt 15 millionar kroner frå Forskingsrådets satsing på å møte store samfunnsutfordringar.
SPrELL er forkortinga for «Samtalebaserte lesepraksiser i hjem og barnehage for Erfaring med Litteratur og Læring av språk». Prosjektet handlar om lesing saman med fleirspråklege barn både i barnehagen og heime. Eitt mål er å styrke kompetansen til dei tilsette i barnehagen på bruk av digitale bøker på fleire språk i barnehagen sitt språkarbeid. I tillegg er eit mål å fremje samarbeid mellom fleirspråklege heimar og barnehagen gjennom felles leseprosjekt.
Prosjektet vert leia av førsteamanuensis Trude Hoel ved Lesesenteret i samarbeid med førsteamanuensis Margrethe Jernes ved Institutt for barnehagelærerutdanning (IBU), Universitetet i Stavanger.
– Vi er stolte og glade over å ha kome gjennom det svært tronge nålauget hos Noregs Forskingsråd i denne runden. Lesing og utforsking av språket i barnehagen og i heimen til barn som har meir enn eitt språk, er områder det trengs meir kunnskap om. No gler me oss til å ta fatt på arbeidet saman med samarbeidspartnarane våre, seier Trude Hoel.
Samarbeid med fleirspråklege foreldre
SPrELL er eit samarbeid mellom forskarar ved UiS, Sandnes kommune, den digitale bokplatformen Lesemeister, Senter for flerspråklige barn og unge (FBU) i Sandnes, og forskarar ved Universitetet i Tromsø, Universitetet i Agder og Dronning Mauds Minne Høgskole.
– Vi har samarbeida med barnehagar og fleirspråklege familiar i Sandnes i form av ein pilot for SPrELL, leia av postdok Katarzyna Tunkiel ved Lesesenteret. Me har tru på at det å ha felles prosjekter, som å lese same boka på norsk i barnehagen og på morsmålet heime, vil vere med på å styrke samarbeidet mellom barnehagen og heimen, seier Hoel.
– Om lag 20 % av barna i Sandnes er fleirspråklege, og kommunen er derfor ein relevant samarbeidspartnar for oss når me søker kunnskap om bruk av bøker og lesing i barnehagen sitt språkarbeid.
Utviklar eit kunnskapsbasert, digitalt og fleirspråkleg barnebokbibliotek
Forskargruppa skal, i samarbeid med bok-plattforma Lesemeister og fleire norske forlag, digitalisere norske barnebøker og omsetje dei til fleire språk. Slik vil barnebøker av høg litterær, språkleg og digital kvalitet vere tilgjengelege for barnehagar og heimar. Digitaliseringa av bøkene vil vere basert på erfaringar og kunnskap utvikla mellom anna i VEBB-prosjektet.
– Vi vil lage om lag 20 bøker, så her får born og familiar faktisk tilgang til eit heilt bibliotek av gode barnebøker, på ulike språk, seier Hoel.
Tre barnehageprosjekt fekk midlar
Tildelinga frå NFR i denne runden var på 1.6 milliardar kroner. Heile 311 søknader kom inn til forskingsprogrammet «Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringer i samfunn og næringsliv». Av desse søknadane fekk 90 tilslag, og SPrELL er eit av 3 prosjekt innan barnehageforsking som har fått midlar. Utlysinga omfattar store prosjekt som forutset aktivt samarbeid med praksisfeltet i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.
Også prosjektet SELMA: Social and Emotional Learning and Life Mastery in Early Childhood Education and Care, som vert leia av Læringsmiljøsenteret, UiS, fekk tildelt midlar i denne runden.
Barnehageforsking er eit stort satsingsområde ved UiS, og begge UiS-prosjekta er tilknytta FILIORUM – Senter for barnehageforsking.
Les om alle tildelingane ved fakultet for Utdanningsvitenskap og Humaniora.