Rekordhøg søking til Handelshøgskolen ved UiS frå internasjonale studentar

Talet på internasjonale søkarar til Master i økonomi og administrasjon har auka med over 70 prosent. Bachelor i økonomi og administrasjon ligg på same nivå som i fjor.

Publisert Sist oppdatert
Studenter EOJ

Det viser søkartala for høgare utdanning som kom onsdag 27. april.  

Det er det internasjonale masterprogrammet i økonomi og administrasjon som har den største auken i søkarar på Handelshøgskolen ved UiS. Totalt sett er auken på heile 73,2 prosent frå i fjor til i år for primærsøkarar, altså dei som har utdanninga på sin førsteplass. 

– Me har fantastisk gode tal frå internasjonale søkarar til Master i økonomi og administrasjon i år. Auken gjer oss til det internasjonale studiet ved UiS som veks mest. Det er gledeleg å sjå for Handelshøgskolen ved UiS som har ein klar ambisjon om å bli ein internasjonalt anerkjend handelshøgskule, seier dekan Ola Kvaløy. 

Har satsa på internasjonal rekruttering 

Dekan Ola Kvaløy

Han trur auken blant anna kan skyldast at masterstudiet i økonomi og administrasjon i fjor blei akkreditert med EFMD Programme Accreditation, noko som ein veit internasjonale studentar er opptekne av. 

– Dette er det leiande internasjonale systemet for kvalitetsvurdering og akkreditering av studieprogram innanfor økonomi og leiing. Me har også satsa meir på internasjonal rekruttering i år, noko som ser ut til å ha gitt utteljing, seier Kvaløy.  

Ein kan velje mellom fem spesialiseringar viss ein søker Master i økonomi og administrasjon: Næringsutvikling og innovasjon, Anvendt finans, Strategisk markedsføring og analyse, Strategi og ledelse og Økonomisk analyse.  

Næringsutvikling og innovasjon er det nest mest søkte internasjonale studiet ved UiS, men søkartalet er sterkt aukande for alle fem.  

Universitetet i Stavanger har generelt ein søkarrekord frå internasjonale studentar, og har til saman 1325 fleire søkarar frå dei i år enn i fjor.  

Også bra blant norske studentar 

Bachelor i økonomi og administrasjon gjer det også bra, viser tal frå Samordna opptak. Dette er det tredje mest søkte studiet ved UiS i år. Der er det 550 primærsøkarar som konkurrerer om 211 studieplassar.  

– Bachelorstudiet i økonomi og administrasjon held stand trass den nasjonale nedgangen i søking til høgare utdanning. Dette er me fornøgd med. Konkurransen om desse studentane er som kjent hard, seier Kvaløy og viser til at mange studiestadar tilbyr denne utdanninga. 

Bachelor i rettsvitenskap er det studiet med tredje flest primærsøkarar per studieplass på UiS, altså dei som har størst konkurranse om plassane, med 271 søkarar på 60 studieplassar. Det ligg også på ein femteplass over flest primærsøkarar.  

Tredje beste søkartalet nokon sinne 

Det er generelt ein nedgang i søkinga til studium i Samordna opptak. Men likevel er årets søkartal det tredje beste for UiS nokon sinne.  

– 2022 kan karakteriseras som post-korona, eit år der me går tilbake til meir normale forhold. Potensielle studiesøkarar har fleire valmoglegheiter i år enn dei to siste åra. Dei har nå anledning til å ta eit friår, til å reise og til å jobbe fordi arbeidsmarknaden er god. Dette ser ut til å ha påverka søkinga til høgare utdanning. Betre moglegheiter for å reise viser også igjen på rekordsøkinga til våre internasjonale utdanninger, seier Merete Vadla Madland som er fungerande rektor ved UiS.  

Også i år er tollstudiet det mest søkte i heile landet.

Søknadstall nasjonalt opptak 2022 

StudiumPrimærsøkarar per studieplassAntall primærsøkararStudieplassar
Bachelor i økonomi og administrasjon 2,6550211
Bachelor i rettsvitenskap 4,527160
Master i økonomi og administrasjon – Anvendt finans 5,313225
Master i økonomi og administrasjon – Næringsutvikling og innovasjon 2,65220
Master i økonomi og administrasjon – Økonomisk analyse 4,110325
Master i økonomi og administrasjon – Strategisk markedsføring og analyse 1,63220
Master i økonomi og administrasjon – Strategi og ledelse 3,56920
Master i forretningsjus 4,612327
Master i regnskap og revisjon 3,411935

Søknadstall internasjonalt opptak 2022 

StudiumPrimærsøkarar per studieplassAntall primærsøkararStudieplassar
MSc in Business Administration – Applied Finance 30,430410
MSc in Business Administration – Business Development and Innovation 26,339515
MSc in Business Administration – Economics 10,810810
MSc in Business Administration – 
Strategic Marketing and Analytics 
19,529215
MSc in Business Administration – Strategy and Leadership 9,914815

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ønskjer å kombinere studiane med jobb hausten 2...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka AI

Det vil vera avgjerande å meistra AI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...