Deltakinga ved Studentvalet i 2023 var på heile 21,74 prosent. Dette er den høgaste valdeltakinga nokon sinne ved UiS, og ein auke på over fem prosent frå valet i 2022.
Det er 19 mandat i Studentparlamentet. Valresultatet med mandatfordeling blei som følgjer:
29,39 prosent TekNat-liste (5 mandat)
23,85 prosent til Blå liste (4 mandat)
19,12 prosent til Venstrealliansen (4 mandat)
9,74 prosent til ISU (2 mandat)
9,50 prosent til Sosialdemokratisk liste (2 mandat)
8,40 prosent til Kulturlisten (2 mandat)
– Det er utruleg artig å sjå at engasjementet rundt studentvalet har vore så høgt. Det tyder på at listene og arbeidsutvalet har gjort ein god jobb med å nå ut til studentane, seier StOr-leiar Joakim R. Ramsland.