Eventyr i barnehagen: Modige menn i blått og søte prinsesser i rosa

Barnehagelærarar støttar tradisjonelle kjønnsroller, viser ein studie av eventyrforteljing i barnehagen.

Publisert Sist oppdatert

Kjønnsrollene i eventyr gir ikkje alltid realistiske inntrykk av reelle kjønnsroller for jenter eller gutar i dag, (Foto: Getty Images)

Klassisk attfortelling av tradisjonelle eventyr kan forsterke kjønnsstereotypiar.

I dei tradisjonelle eventyra er det gjerne snakk om modige menn og vakre prinsesser. Prinsessa er ofte ei passiv heltinne som drøymer om kjærleik og ekteskap, og som ikkje har ambisjonar ut over ekteskapet.

Gjennom ei romantisk fortelling blir idear om kjønnsroller danna.

Desse stereotypane kan vere avgrensande for barn i dag, fordi eventyra styrkar tradisjonelle ideal om femininitet og maskulinitet.

Men, eventyr er ein viktig del av norsk kultur og barna skal få høve til å høyre og utforske forskjellige eventyr. Det understrekar rammeplanen for barnehagar.

Tradisjonelle kjønnsroller

Samstundes kan eventyr både i klassisk form og som kommersialiserte Disneyfilmar, vere med på å forsterke tradisjonelle kjønnsstereotypiar.

– Eventyr gir barn viktige bodskap om kjønnsroller, men mange av desse kjønnsrollene gir ikkje realistiske inntrykk av reelle kjønnsroller for verken jenter eller gutar i dag.

– Forsking viser også at barnehagelærarar er lite bevisste på kjønn i utgangspunktet. Vi veit at norske barnehagelærarar har ein tendens til å ta kjønnsroller for gitt og støtte tradisjonelle kjønnsroller i sitt arbeide, seier Aud Toril Meland, førsteamanensis ved Universitetet i Stavanger.

Dette står i sterk kontrast til krava om likestillingsperspektivet, som ligg i botn.

Sterk prinsesse og forfengeleg konge

Meland står bak ein ny studie som viser at ved å sjå på eventyr med friske auge, kan barnehagelærarar bidra til å bryte ned dei typiske kjønnsrollane.

Forskaren har tatt utgangspunkt i eventyret Prinsessa på erta, tolka av dansarar. Dette er ei alternativ dramatisering av eventyr som legg til rette for auka bevisstgjering om kjønnsroller hjå tilsette i barnehagar.

I ei danseførestilling framført av dansekompaniet Dybwikdans blir dei tradisjonelle kjønnsrollane utfordra.

I dette stykket er prinsessa sterk og modig, uformell i klesstilen og viser tydeleg fysisk styrke. Kongen er feminin og forfengeleg, med skjør stemme, blondebluse og rosa sko som blenkar.

– Førestillinga er ein transformasjon av ei gamal historie, noko som gir barnehagelærarane eit høve til å utforske og utfordre tradisjonelle kjønnsroller, seier Meland.

Ho fortel at dei i studien ser på korleis barnehagelærarar reflekterer rundt kjønn og stereotypiar etter at dei har sett Dydwikdans si førestilling om dette eventyret.

Snakkar ikkje med ungane om kjønn

Barnehagelærarer er intervjua etter at dei hadde sett førestillinga saman med barnegrupper i alderen 3-5 år.

Resultata viser at barnehagelærarane er ikkje bevisste på kjønnsstereotypar i eventyr. Dei har gjennomgåande klassiske og stereotypiske forventningar om korleis kvinner og menn skal vere portrettert.

– Ingen av barnehagelærarane hadde brukt tid på å diskutere eller reflektere om kjønnsstereotyper saman med barna, verken før eller etter at dei hadde sett førestillinga.

– Dei var overraska over korleis prinsessa og kongen oppførte seg, og gav uttrykk for at karakterane, slik dei vart skildra av Dybwikdans, ikkje passa med tradisjonelle eventyrskildringar, kommenterer Meland.

Fleire av lærarane fortalte også at den utradisjonelle framstillinga av eventyret skapte engasjement hos barna gjennom utradisjonell lek etter førestillinga, sidan prinsessa og kongen ikkje følgde den forventa standarden.

– Det stemmer godt med det vi veit frå andre situasjonar, at når barna blir utfordra, så byrjar dei å reflektere, og dei leker ut det dei har sett og høyrt.

Fleire av barnehagelærarane gir fullt uttrykk for at Dybwikdans sin versjon av Prinsessa på erta utfordrar oppfatningane deira om korleis kjønn blir framstilt i eventyr.

– Dei ser dei subtile og skjulte bodskapane som eventyra formidlar, og samanhengen med kjønnsperspektiv i dagens samfunn. Det var likevel lite refleksjon rundt det å snakke med barna om korleis jenter og gutar blir framstilt, påpeikar Meland.

Snakk om eventyr med barna

Meland peikar på at barnehagelærarane må vere klar over kor tidleg barn begynne å lære seg kjønnsroller. Barn heilt frå to- tre års alderen kan identifisere seg sjølv som gut eller jente.

– Vi må auke merksemda om at barna blir påverka av det dei høyrer og ser, og gjennom det utviklar kunnskap om kjønnsroller, også i barnehagen. Personalet i barnehagen må rett og slett bli meir bevisste på korleis barna blir sosialisert inn i kjønnsroller.

– Dei tilsette i barnehagane må erkjenne at barn ikkje er i stand til å tenke kritisk og avsløre stereotypar på eiga hand. Barnehagelærarane må difor hjelpe ungane med å forstå kjønnsroller og kjønnsuttrykk, hevdar Meland.

Modernisering av eventyr

Ho vil ikkje ha eventyra ut av norske barnehagar:

– Eventyr er ei del av den norske kulturarva, og vi skal ikkje slutte å lese eventyr. Barnehagelæreren kan likevel utfordre barna på kjønnsrollene når dei fortel eventyr der dei tradisjonelle kjønnsrollane er tydelege.

Hennar råd er at når ein les eventyr, om det er i barnehagen eller heime, kan ein samanlikne rollane til gutar og jenter i eventyra, med den verkelege verda barna lever i, og få barna til å reflektere.

Dette gir personalet og barna høve til å avdekke ulikskapar i kjønn, og diskutere dette med barna.

– Vi treng ikkje modernisere alle eventyr, men vi har alle ei oppgåve i å kritisk vurdere og utfordre kjønnsrollemønsteret slik det ofte vert framstilt. I mange av eventyra representerer eit heterofilt lukkeleg ekteskap ein norm, men det held ikkje i 2020.

– Velg gjerne eventyr som i større grad speglar tida vi lever i, slik at gamle førestillingar om kjønn ikkje blir reprodusert til nye generasjonar, seier Aud Torill Meland.

Referanse:

Aud Torill Meland: Challenging gender stereotypes through a transformation of a fairy taleEuropean Early Childhood Education Research Journal, 2020. DOI:10.1080/1350293X.2020.1836589

Du er kanskje også interessert i

Veiledning for nyutdannede lærere i barnehage, grunnskole og videregående opplæring

Det er ikke alt man kan lære i utdanningen. Noe lærer man først når man kommer ut i yrket. Veiledning av nyutdannede lær...

Har utviklet app om livet i fjæra

Mange av studentene på barnehagelærerstudiet synes artskunnskap er vanskelig. Det ønsket foreleserne å gjøre noe med, og...

Lærerstudenter får fri tilgang til framtidens klasserom

Lærerstudentene ved Universitetet i Stavanger får nå et fortrinn mange vil misunne dem for. De får fri tilgang til Didak...

Hva kjennetegner gode barnehagepraksiser?

En nylig publisert kvalitativ dybdestudie innen GoBaN-prosjektet viser at den pedagogiske virksomheten i barnehager med ...