Nasjonalbiblioteket registrerte tidlegare artiklar i populærvitskaplege tidsskrift i databasen Norart. Denne tenesta er no avslutta, men innhaldet er framleis tilgjengeleg for søk i Oria og som ein del av Nasjonalbibliografien.
Du las ein artikkel i Frá haug ok heiðni for nokre år sidan, men når var det, og kven skreiv artikkelen mun tru? Alle har vi ‘vore der’ og mange brukar mykje tid på å sjekke gamle register eller å bla igjennom fleire årgangar for å finne den aktuelle artikkelen. Tidlegare vart artiklar i populærvitskaplege publikasjonar, som Frá haug ok heiðni, Stavanger museums årbøker o.a., registrerte i databasen Norart, men no har Nasjonalbiblioteket avvikla denne tenesta, så du vil ikkje finne artiklar nyare enn 2020 i basen. Det er artiklar frå 1980 og framover som er registrerte, det vil seie at dei eldste årgangane av Frá haug ok heiðni heller ikkje er med i Norart.
Du kan søke i Oria for å finne artiklar i Frá haug ok heiðni, men det gir ofte upresise søk og mykje ‘støy’. Nasjonalbiblioteket jobbar framleis med å overføre data til Oria frå gamle Norart, derfor kan det vere artiklar som førebels ikkje er søkbare i Oria.
Vi anbefaler å søke etter artiklar i Frá haug ok heiðni i Norart (via Nasjonalbibliografien). Nasjonalbiblioteket har endra grensesnittet for søk etter gamle artiklar.
Søkerettleiing i Norart
Søk i Norart som ein del av Nasjonalbibliografien
Søk i Norart
Pass på at det står Artikler (Norart) oppe til venstre på sida
Endre til Avansert søk ved å klikke på feltet til høgre for søkefeltet.
Bruk søkefilter for å endre søkefelta – klikk på pilene og velg det som passar. Du kan f.eks. endre til søk på Tidsskrift-tittel i første søkefelt, for å søke i eit bestemt tidsskrift, og endre til Navn eller Emne i felt nummer to. Sjå eksempel under for søk på artiklar i Frá haug ok heiðni.
Søket over skal gi treff på Sveinung Bang-Andersen sine artiklar i Frá haug ok heiðni. Og søket under bør gi treff på artiklar om Avaldsnes. Det finst fleire måtar å utføre tilsvarande søk på – dette er kun meint som eksempel.
Var dette komplisert kan du sjølvsagt spørje bibliotekarane om hjelp!