Lånereglar ved universitetsbiblioteket

På universitetsbiblioteket kan du mellom anna låna bøker, studentoppgåver, filmar, tidsskrift, notar, kalkulatorar, ladarar til telefonar, pensumbøker og digitale ressursar. Her finn du alt du treng vita om lån, fornying, purring og erstatning.

Published Sist oppdatert

Kven kan låna?

Universitetsbiblioteket i Stavanger er eit offentleg bibliotek. Lånerett blir gitt til alle over 16 år.

Slik får du lånekort

Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon. Korta er personleg og kan ikkje brukast av andre. Du skal gjere deg kjend med lånereglane før du tek kortet i bruk.

Dersom du er student ved UiS gjeld studentkortet ditt som lånekort. Du finn òg lånekortet i appen Studentbevis.

Kor lenge kan eg låna ei bok

Det er tre veker lånetid for bøker, studentoppgåver, filmar, tidsskrift og liknande. Lånetid for notar er seks veker. 

Kalkulatorar og ladarar til telefonar er tilgjengeleg for dagslån. Pensumbøker kan òg lånast for ein dag, men hugs at dei må returnerast på automaten innan midnatt same dag som dei blir lånte for at du ikkje skal få gebyr.

Lånet ditt blir automatisk fornya

Alle lån frå universitetsbiblioteket si eiga samling blir automatisk fornya, med mindre det er andre lånarar på venteliste eller du har hatt lånet i fire månadar. 

Lån frå andre bibliotek blir ikkje automatisk fornya. Desse kan du sjølv fornya ved å logge deg på Oria.

Lån som ikkje kan fornyast vil bli purra, og du kan motta gebyr og erstatningskrav dersom desse ikkje blir leverte inn innan fristen. Du får eit varsel tre dagar før låna dine har forfall.

Bestille lån og kopi

Du kan ikkje reservera eller bestilla bøker som er tilgjengeleg i biblioteket. Bøker som ikkje er utlånt må du sjølv finne på hylla. Du kan opna boka i Oria og trykkja på "hyllekart" for å finna rett bokhylle i biblioteket.

Bøker som er utlånte kan du reservera og du hamnar då på venteliste. Du får beskjed når boka er klar for henting. Bøker og artiklar me ikkje har i samlinga vår kan me bestilla inn. Vi gjer dette for studentar ved UiS og tilsette ved UiS og SUS. Eksterne studentar får tilbod om innlån av bøker me ikkje har i samlinga vår. Artiklar må bestillast frå eigen institusjon.

Du er ansvarleg

Du er personleg ansvarleg for alt som er registrert på lånekortet ditt. Vidarelån til andre er ikkje tillate.
Du er plikta å lese e-postmeldingar frå biblioteket.

Tap av lånerett

Dersom du bryt lånereglane kan det føra til at du mistar låneretten ved biblioteket

Dersom eit dokument du ønsker å låne allereie er utlånt til ein annan lånar, kan du sette deg på venteliste.

  • Gå til oria.no.
  • Studentar og tilsette ved UiS loggar inn med FEIDE.
  • Andre lånarar og tilsette ved SUS loggar på med brukarnamn og passord.
  • Søk opp dokumentet og trykk på tittelen. Sjekk statusen under «Finn og bestill».
  • Dersom dokumentet er utlånt, trykk «Bestill dokument» og deretter «Bestill dokument» igjen.

Dokumentet blir reservert til deg og du får melding på SMS og/eller e-post når det kan hentast på biblioteket. Du har fire dagar på deg til å hente dokumentet etter at hentemelding er sendt.

Dokument som står tilgjengeleg på hylla kan ikkje reserverast av studentar og privatpersonar.

Treng du bøker eller artiklar som ikkje finst ved Universitetsbiblioteket i Stavanger? Då kan du bestille det frå andre bibliotek.

  • Gå til oria.no og logg inn.
  • Søk i fana «Norske fagbibliotek».
  • Klikk på tittelen og trykk på «Bestill lån»/«bestill kopi» under «Finn og bestill». Send bestillinga ved å klikke «Bestill dokument».

Dersom du ikkje finn det du treng i Oria, velger du fanen "FINN IKKJE?". Her kan du registrere bestillinga i eit tomt bestillingsskjema.

Ver oppmerksam på at dette berre gjeld for studentar og tilsette ved UiS og SUS. Studentar ved andre norske og utanlandske universitet og høgskular kan få bestille bøker frå bibliotek i Noreg og Norden, men må kontakte biblioteket ved sin eigen utdanningsinstitusjon for bestilling av bøker frå andre land, samt alle typar artiklar. Andre lånarar kan kontakte sitt lokale folkebibliotek.

Bestilte bøker kjem som regel i løpet av 1-2 veker.

Artikkelkopiar kjem som regel i løpet av 1-2 dagar. På grunn av copyright-reglar kan vi kun levere trykte artikkelkopiar.

Du får beskjed på SMS og/eller e-post når dokumentet er klart til å bli henta.

Studentar og tilsette ved UiS får tilgang til biblioteket sine digitale bøker, artiklar og databasar. Dersom du er logga på nettverket på campus får du automatisk tilgang. Er du utføre nettverket må du først logge på med tilgang heimanfrå.

Andre lånarar kan bruke biblioteket sine opne PC-ar for å lese våre digitale ressursar.

Du kan returnere lånt materiale på våre utlånsautomatar i biblioteket.

Dersom du ikkje har moglegheit til å returnere i opningstida kan du levere i vår returkasse. Returkassa finn du ved hovudinngangen til Kjølv Egelands hus, nærast biblioteket.

På biblioteket Bjergsted finn du returkassa ved inngangen til biblioteket.

Purregebyr

Du får eit varsel tre dagar før låna dine har forfall. Merk at det er eigne reglar for pensumbøker med dagslån. Dersom du ikkje leverer i tide gjeld følgjande satsar:

  1. purring: Gratis
  2. purring: 25 kroner pr. dokument
  3. purring: 25 kroner pr. dokument

Pensumbøker (dagslån):

Pensumbøker med dagslån må du levera på utlånsautomaten innan midnatt den dagen dei er lånt. Dei kan ikkje fornyast.

  1. purring med gebyr på 50 kroner blir sende påfølgjande dag
  2. purring med nytt gebyr på 50 kr blir sende dagen etter.
  3. purring med gebyr på 25 kroner blir sende den sjuande dagen.
  4. purring med gebyr på 25 kroner blir sende den fjortande dagen.

Betale purregebyr

Purringar på for seint leverte lån kan du betale med bankkort i skranken på Ullandhaug, eller med Vipps.

Appen Vipps kan du laste ned i App Store og Google Play. Søk opp vårt Vippsnummer, 116258, og vel "Betal purregebyr". Skriv inn beløpet du skylder og betal. Dersom du betaler for andre må du skrive inn namnet til vedkomande i kommentarfeltet. Gebyret blir sletta frå kontoen din innan neste virkedag.

Erstatning ved tap eller skade

Du må erstatte tapte eller skadde dokument. Understreking og notering i dokument blir rekna som skadeverk. Krav om erstatning blir sendt ut etter 3. purring.

Dokument som ikkje blir levert inn, eller blir øydelagt, blir kravd erstatta etter desse satsane:
  • Bøker: 700 kroner. Du kan òg erstatte boka ved å kjøpe nytt eksemplar. Erstatningseksemplaret skal vere nyaste utgåve av boka.
  • Tidsskrifthefte, studentarbeid, DVD, CD, notar, rapportar, ladeleidningar: 350 kroner.
  • Kalkulatorar: 700 kroner.

Erstatningskrav blir fakturert. Krav som ikkje blir innfridde går til inkasso. Faktura vil bli kreditert dersom du leverer låna dine før du betaler erstatningskravet eller saka har gått til inkasso. Du vil framleis måtte betale eventuelle uteståande purregebyr.

Du vil ikkje få refusjon dersom du finn boka etter du har betalt faktura eller levert nytt eksemplar. Biblioteket kan likevel gjere unntak dersom boka er sjeldan eller har lokalhistorisk verdi.

Purregebyr og erstatningskrav på 100 kroner eller meir fører til at du mellombels tapar låneretten.

Tenestar frå universitetsbiblioteket

  • Lån frå biblioteket sine samlingar.
  • Lån av bøker frå andre bibliotek.
  • Bestilling av kopiar og tidsskriftartiklar.

Universitetsbiblioteket skaffar dokument til bedrifter og forskingsinstitusjonar etter avtale. Kontakt oss gjerne på e-post.

Dette kostar det

  • Lån av bøker frå eigen samling: Gratis
  • Bøker lånt inn frå andre bibliotek: 250 kroner
  • Artikkelkopiar levert frå eigen samling eller andre bibliotek: 250 kroner

Dersom innlånet eller kopien kostar meir enn 200 kroner, vil dette blir avtalt før bestillinga blir effektuert.
Faktura for artikkelkopiar og innlån blir sendt halvårleg.

Bestilling og levering

Send bestillingar på bøker og artiklar til oss på e-post. Leveringstida er avhengig av om dokumentet finst i eigen samling, eller om vi må skaffe lån eller kopi frå eit norsk eller utanlandsk bibliotek. Kopiar og bøker frå eigen samling blir sendt eller gjort klare for henting same dag.

Artiklar blir normalt sendt i posten. Dette på grunn av lovar om copyright. Normal leveringstid for artiklar er 1-7 dagar. Du må gje beskjed ved bestilling dersom du ønskjer å hente artiklane i biblioteket. Mottakaren kan behalde artikkelkopiar.

Alle lån må hentast på, og leverast tilbake til universitetsbiblioteket. Vi sender beskjed på e-post når bøkene er klare til henting. Hentefrist er fire dagar. Bøker som ikkje er henta innan fristen blir returnert. Normal leveringstid er 4-8 dagar.

Mer om biblioteket