No slepp du å kjøpa alle bøkene du treng i studietida, for Universitetsbiblioteket tilbyr pensumbøker for dagslån.
Det er gode nyheiter for lommeboka og jordkloden.
Universitetsbiblioteket i Stavanger har samla alle pensumbøker på eigne hyller slik at dei blir lettare å finna fram til.
Desse bøkene er merka med "pensum - dagslån" og eit raudt klistermerke.
Pensumbøkene låner du på vanleg vis i automaten, men hugs å levera tilbake før midnatt same dag for å unngå gebyr.
Gebyr kjem så snart fristen for innlevering er ute.
Tekst og foto: Marie Kulander Knudsen. |