Fordjuping i nordisk (LNOR270)
Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår fleirspråklegheit før og no, der ein studerer språkkontakt frå eit historisk sosiolingvistisk perspektiv. Her skal hovudtemaa frå grunnemna - språkstruktur, språkbruk og språkhistorie - byggjast på og nyttast for å utforska dei sosiokulturelle og språklege konsekvensane av møtet mellom norsk og andre språk opp gjennom åra, frå dansk og lågtysk i mellomalderen til engelsk og andre språk i dag. Kunnskap om desse møta, som har lagt grunnen for den fleirspråklege situasjonen i Noreg i dag, er høgst relevant for skulelærarar, folk som arbeider i privat og offentleg sektor og for samfunnsdeltaking generelt, same kva språkleg bakgrunn ein har.
I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstlege endringsprosessar i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilete og mellom tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dimed forståast som eit multimodalt fenomen.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
LNOR270
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Språkleg del: Emnet omfattar fleirspråklegheit, der ein studerer språkkontakt - hjå fleirspråklege individ og i fleirspråklege samfunn. I emnet inngår historisk sosiolingvistisk analyse, der ein studerer språkhistorisk variasjon og endring. Emnet tek òg for seg korleis det fleirspråklege Noreg i dag kan forståast i lys av møte mellom norsk og andre språk over tid.
Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om slike tekstlege endringsprosessar som oppstår i overgangen frå ei medieform til ei anna. Kvardagen vår er prega av mange tekstlege blandingsformer og den 'reine' teksta har i stor grad mista den dominante posisjonen sin. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: dei vert filma, sette opp på scenen, omarbeidde til teikneseriar eller omforma til dataspel. I og med dei multimediale innovasjonane har forståinga vår av kva ei litterær tekst er eller kan vera, forandra seg radikalt. I løpet av kurset skal dei ulike media sine særdrag skildrast og analyserast, og relaterast til problemstillingar kring kva eit mulitmodalt tekstomgrep i dag kan vera.
Læringsutbytte
Språkleg del
Kunnskap
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten
- kjenna relevant teori og terminologi i språkkontaktforsking og historisk sosiolingvistikk
- ha innsyn i korleis språkkontakt har vore med og forma norsk språk, både i dag og i tidlegare hundreår
- ha kunnskap om tilhøvet mellom fleire språklege system i kontakt og sosialt styrd variasjon
Ferdigheiter
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten
- kunna analysera og vurdera språklege mønster i historisk sosiolingvistisk perspektiv
- kunna relatera fleirspråklegheit i dagens Noreg til tidlegare sosiohistoriske kontekstar
- kunna gjera greie for språkendringar og -variasjonar knytte til språkkontakt før og no
- kunna analysera autentiske historiske tekster i eit språkkontaktperspektiv
Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten
- gjere greie for fleirspråklegheit som eit breitt og mangfaldig sosiolingvistisk fenomen
- ha utvikla evna til å drøfte kontakten mellom norsk og andre språk i dag og i tidlegare periodar
Litterær del
Kunnskap
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten
- ha omfattande kunnskap om relasjonar mellom tekst og bilete (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar;dataspel)
- ha brei forståing av teoridanninga innanfor feltet
- ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valde områda
- ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane
Ferdigheiter
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten
- kunna fortolka og analysera samspelet mellom verbaltekst og andre medium i multimodale ytringar.
- kunna omsetja teoretisk røynsle til praktiske ferdigheiter
- kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
- kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
- kunna arbeida med multimodale tekstformer
- kunna granska komplekse saksforhold
Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studenten
- ha evne til kritisk tenking
- kunna reflektera over eiga skriving og eigen tolkingspraksis
- kunna overføra fortolkingskompetansen til andre samfunnsområde
- ha innsikt i tydinga av tekstlege element i definisjons- og maktspørsmål
Forkunnskapskrav
Andre emnekombinasjonar kan òg godtakast dersom dei har tilsvarande innhald.
Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande). Bachelorstudentar må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.
Eksamen / vurdering
Skriftleg innlevering og mappeinnlevering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Skriftleg innlevering | 1/2 | Bokstavkarakterar | Alle | |
Mappeinnlevering | 1/2 | Bokstavkarakterar |
Innleveringsoppgåva skal vera på 2500 ord +/-10%. Tre arbeidskrav er knytte til denne innleveringsoppgåva Mappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10%). Kvar av desse tel 50%. Innleveringane og den skriftlege oppgåva skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (NOR290) vert skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva vert skriven på bokmål.Begge eksamensdelar må vera greidde for å få samla resultat i emnet.