Lesing og skriving i alle fag (MGLA210)
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Fakta
Emnekode
MGLA210
Versjon
1
Vekting (stp)
0
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Tilbys av
Timeplan
Innhald
Gjennom studiet skal studentane få kunnskap om skriving og bli presentert for konkrete verktøy for å jobbe med denne ferdigheita. I tillegg blir det forventa at studentane har innsikt i kvifor Noreg har to skriftspråk og korleis ein slik toskriftskompetanse kan bli forstått i lys av teori om fleirspråklegheit. Det vil bli gitt opplæring i nynorsk grammatikk og språkbruk for dei som treng det. Alle skriftlege innleveringar er på nynorsk.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten:
- har kunnskap om skriving som grunnleggjande ferdigheit
- har kunnskap om korleis ein praktisk kan jobbe med skriving
- har kunnskap om rammeverk for nynorsk språkbruk
- har kunnskap om fleirspråklegheit og språksituasjonen i Noreg
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan leggje til rette for skriving i alle fag
- kan skrive tekstar på nynorsk
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan reflektere over kva toskriftskompetanse betyr
- kan reflektere over den norske språksituasjonen i lys av teori om fleirspråklegheit
Forkunnskapskrav
Ingen
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Deltaking | 1/1 | Godkjend/ Ikkje godkjend |
Ei innlevering, som så får rettleiing og som deretter blir levert inn på nytt.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Oppmøte, Arbeidskrav
Kurset er obligatorisk og går over fire undervisningsøkter. Kurset har obligatorisk frammøte (80%), og krav om innlevering av eitt arbeidskrav.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Ingrid HilmerStudiekoordinator:
Kjersti GjedremArbeidsformar
Førelesingar, gruppearbeid
Emneevaluering
Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.