Literacy og læring i digitale omgjevnader (MLE335)
Målet med kurset er å gje ei innføring i korleis digital teknologi er med på å forme literacy som sosial praksis og i spørsmål knytt til læring.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MLE335
Versjon
2
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten:
Kunnskap:
- kjenne til sentrale idear som ligg til grunn for ei sosial forståing av literacy
- kjenne til hovudtrekk i utviklinga av digitale tekstkulturar
- kjenne til hovudtrekk i etnografisk metode
Ferdigheter:
- kunne gripe og skildre sosiale aspekt ved den digitale tekstkulturen
- kunne tolke og reflektere over sosiale aspekt ved literacy og læring i digitale omgjevnader
- kunne reflektere systematisk over endringspotensialet i nye teknologiar for literacy i skulen
- kunne nytte digitale verktøy for publisering, refleksjon og samarbeid i eige arbeid
- kunne gjennomføre eit avgrensa empirisk forskingsprosjekt
- drøfte sentrale fagdidaktiske problemstillingar med utgangspunkt i digitale tekstar for barn og unge, med særleg vekt på elevsamansetning, målet med undervisinga og moglege tilnærmingsmåtar.
Generell kompetanse:
- vere i stand til å orientere seg i og delta i den digitale tekstkulturen
- vere i stand til å forstå og reflektere over vilkåra for tilgang til og deltaking i den digitale tekstkulturen i og utanfor skulen
- vere i stand til å orientere seg i og reflektere over dei teknologiske rammevilkåra for skulen
- vere i stand til å planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt om literacy og læring i digitale omgjevnader
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Mappe | 1/1 | 7 Veker | Bokstavkarakterar | Alle |
Mappevurdering
• transkripsjon av intervju (ca. 15 min - det inneber ca. 2000 ord)
• utførleg/tolkande skildring av eit digitalt døgn for ein elev (1000 ord +/- 10 %)
• prosjektskisse på 5 sider (2000 ord +/- 10 %). For studentar i fagdidaktiske utdanningsløp skal denne prosjektskissa knytast til det aktuelle skulefaget.
Transkripsjonen må vere etter gitte kravspesifikasjonar for at mappa skal bli godkjend.Karakteren blir fastsett på grunnlag av dei to andre mappetekstane, vekta slik at prosjektskissa tel 2/3 av karakteren.Hugs at emneplanen for MLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen i studiet må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
- Undervegs i arbeidet er det forventa at kandidaten deltek aktivt i diskusjonar på Canvas og andre arenaer for samarbeid som blir nytta i kurset.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Arne Olav NygardStudiekoordinator:
Signe EkenbergFaglærar:
Atle SkaftunArbeidsformar
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer (MLE320_1) | 10 |
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksiser og læringsformer (MLE335_1) | 15 |