Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (NOR165)

Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekstar og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR165

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Det vesentlege for å kunne analysere ein skjønnlitterær tekst, er å få etablert ei forståing av denne tekstens måte å vera litteratur på. Det er dette sjangerlæra gjev oss tilgang til: Ein stad å gå til for å forstå korleis teksten me har føre oss plasserer seg i det store landskapet av teksttypar. I tillegg finst det innanfor faget ei vifte av etablerte praksisar for korleis ein konkret går fram når ein analyserer tekstar innanfor dei ulike sjangrane.

Når det gjeld tekstar som ikkje er skjønnlitterære, tilbyr retorikken eit særs finmaska nett av omgrep for å fange opp alt det som gjer tekstar overtydande. Den retoriske analysen er ein langt utvikla praksis for å kunne gripe og forstå desse måtane slik dei kjem til syne eller gøymer seg i konkrete tekstar.

Emnet er delt inn i to delar:

  1. Analyse av skjønnlitteratur
  2. Retorikk og retorisk analyse av ulike typar tekstar

Pensum

Til den skjønnlitterære delen høyrer ei innføringsbok i litterær analyse, samt kortare tekstar som supplerer denne, og eit breitt utval skjønnlitteratur som skal analyserast. Til retorikkdelen høyrer ei innføringsbok i retorisk analyse, samt eit stort utval tekstar som skal analyserast. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte.

Læringsutbytte

Overordna

Kursets overgripande mål er at studenten skal få ei forståing av korleis ein tenker og handlar som fagperson innanfor nordisk litteratur- og tekstvitskap. I dette inngår både teoretiske kunnskapar om korleis ein tenker, og praktiske ferdigheiter knytte til å kunne utføre analysar på måtar som er i tråd med praksis innanfor fagfeltet.

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre
  • vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep
  • vere kjend med sentrale omgrep innanfor retorikken

Ferdigheit

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori og etablert praksis for korleis ein gjer bruk av denne i konkret analysar
  • kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling
  • kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte

Generell kompetanse

  • kunne forholde seg til tekstar og sjangrar på ein fagleg måte
  • bruke teoretisk innsikt i tilnærminga til dagens mediesituasjon

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Heimeeksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1 1/2 10 Dagar Bokstavkarakterar
Heimeeksamen 2 1/2 2 Veker Bokstavkarakterar

Utfyllande presisering av eksamensoppgåvene:Heimeeksamen 1- omfang på 1500 ord (+/- 10%)- skal skrivast på nynorsk- tel 50 % av samla karakterHeimeeksamen 2- omfang på 2000 ord (+/- 10%)- skal skrivast på bokmål- tel 50 % av samla karakter

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

75% obligatorisk deltaking i undervisning, 75% obligatorisk skriveseminar, innleveringsoppgåve.

75% deltaking i undervising, 75% deltaking i skriveseminar, innleveringsoppgåve.

Presisering av innleveringsoppgåva:

  • omfang på 1000 ord (+/- 10 %)
  • målform: valfri
  • blir vurdert med greidd/ikkje greidd

Alle vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.

Studentar som får oppgåva vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levere éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Ingrid Nielsen

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Arbeidsformar

Studentsentrert undervising. Den typiske undervisingsøkta kan delast i fire like store delar: 1. Førelesaren presenterer faglege omgrep og tankemåtar frå pensumlitteraturen. 2. Studentane går i grupper og diskuterer konkrete tekstar med utgangspunkt i desse omgrepa/tankemåtane. 3. Plenumgjennomgang av det studentgruppene har kome fram til, med fortløpande diskusjon. 4. Førelesaren bygger vidare på det som har komme fram.

Merk at det berre er punkt 1 som er dekka av pensumlitteraturen. Punkt 2-4 er ferdigheiter som blir utvikla i samband med undervisinga.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165_1) 15
Tekst og sjanger (NOR140_1) 10
Litterær analyse (MNOR140_1) 10
Litterær analyse (NOR140_2) 10
Skjønnlitterære sjangrar (ÅNO140_1) 10
Retorikk, sjangrar og media (NOR160_1) 5

Åpent for

Ope for alle bachelorstudentar og årskursstudentar i nordisk ved IKS. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søke opptak til UNOR165 Tekst og tolking. Det akademiske innhaldet i UNOR165 er likt innhaldet i NOR165, men studentane kan velje mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søke opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto