Fordjuping i nordisk (NOR270)

Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår fleirspråklegheit før og no, der ein studerer språkkontakt frå eit historisk sosiolingvistisk perspektiv. Her skal hovudtemaa frå grunnemna - språkstruktur, språkbruk og språkhistorie - byggjast på og nyttast for å utforska dei sosiokulturelle og språklege konsekvensane av møtet mellom norsk og andre språk opp gjennom åra, frå dansk og lågtysk i mellomalderen til engelsk og andre språk i dag. Kunnskap om desse møta, som har lagt grunnen for den fleirspråklege situasjonen i Noreg i dag, er høgst relevant for skulelærarar, folk som arbeider i privat og offentleg sektor og for samfunnsdeltaking generelt, same kva språkleg bakgrunn ein har.

I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstlege endringsprosessar i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilete og mellom tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dimed forståast som eit multimodalt fenomen.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR270

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Språkleg del: Emnet omfattar fleirspråklegheit, der ein studerer språkkontakt - hjå fleirspråklege individ og i fleirspråklege samfunn. I emnet inngår historisk sosiolingvistisk analyse, der ein studerer språkhistorisk variasjon og endring. Emnet tek òg for seg korleis det fleirspråklege Noreg i dag kan forståast i lys av møte mellom norsk og andre språk over tid.

Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om slike tekstlege endringsprosessar som oppstår i overgangen frå ei medieform til ei anna. Kvardagen vår er prega av mange tekstlege blandingsformer og den 'reine' teksta har i stor grad mista den dominante posisjonen sin. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: dei vert filma, sette opp på scenen, omarbeidde til teikneseriar eller omforma til dataspel. I og med dei multimediale innovasjonane har forståinga vår av kva ei litterær tekst er eller kan vera, forandra seg radikalt. I løpet av kurset skal dei ulike media sine særdrag skildrast og analyserast, og relaterast til problemstillingar kring kva eit mulitmodalt tekstomgrep i dag kan vera.

Læringsutbytte

Språkleg del

Kunnskap

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kjenna relevant teori og terminologi i språkkontaktforsking og historisk sosiolingvistikk
  • ha innsyn i korleis språkkontakt har vore med og forma norsk språk, både i dag og i tidlegare hundreår
  • ha kunnskap om tilhøvet mellom fleire språklege system i kontakt og sosialt styrd variasjon

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna analysera og vurdera språklege mønster i historisk sosiolingvistisk perspektiv
  • kunna relatera fleirspråklegheit i dagens Noreg til tidlegare sosiohistoriske kontekstar
  • kunna gjera greie for språkendringar og -variasjonar knytte til språkkontakt før og no
  • kunna analysera autentiske historiske tekster i eit språkkontaktperspektiv

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • gjere greie for fleirspråklegheit som eit breitt og mangfaldig sosiolingvistisk fenomen
  • ha utvikla evna til å drøfte kontakten mellom norsk og andre språk i dag og i tidlegare periodar

Litterær del

Kunnskap

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha omfattande kunnskap om relasjonar mellom tekst og bilete (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar;dataspel)
  • ha brei forståing av teoridanninga innanfor feltet
  • ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valde områda
  • ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna fortolka og analysera samspelet mellom verbaltekst og andre medium i multimodale ytringar.
  • kunna omsetja teoretisk røynsle til praktiske ferdigheiter
  • kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
  • kunna arbeida med multimodale tekstformer
  • kunna granska komplekse saksforhold

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og eigen tolkingspraksis
  • kunna overføra fortolkingskompetansen til andre samfunnsområde
  • ha innsikt i tydinga av tekstlege element i definisjons- og maktspørsmål

Forkunnskapskrav

Et av følgende alternativer:
NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse
NOR110 Språkstruktur, NOR120 Tekst og historie, NOR130 Språk og historie, NOR140 Litterær analyse, NOR150 Språk og litteratur i teori og praksis
NOR120 Tekst i kontekst, NOR130 Språk og historie, NOR140 Litterær analyse, NOR150 Språk og litteratur i teori og praksis
NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon
NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR145 Tekst i kontekst, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon
NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon

Andre emnekombinasjonar kan òg godtakast dersom dei har tilsvarande innhald.

Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande). Bachelorstudentar må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.

Eksamen / vurdering

Skriftleg innlevering og mappeinnlevering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg innlevering 1/2 Bokstavkarakterar Alle
Mappeinnlevering 1/2 Bokstavkarakterar

Innleveringsoppgåva skal vera på 2500 ord +/- 10% Tre arbeidskrav er knytte til denne innleveringsoppgåvaMappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10%). Kvar av desse tel 50%. Innleveringane og den skriftlege oppgåva skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (NOR290) vert skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva vert skriven på bokmål.Begge eksamensdelar må vera greidde for å få samla resultat i emnet.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Tre korte arbeidskrav

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

David Albert Natvig

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Arbeidsformar

Førelesningar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppfordra til kollokvieverksemd ut over den ordinære undervisninga.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språk i utvikling/Selvfremstillende litteratur (NOR250_1) 5
Språk i utvikling/Selvfremstillende litteratur (MNOR250_1) 5

Åpent for

Ope for alle bachelorstudentar og fordjupingstudentar i nordisk ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søkja opptak til UNOR270. Det akademiske innhaldet i UNOR270 er likt innhaldet i NOR270, men studentane kan velja mellom å bruka bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto