Matematikk og fysikk for Y-vei 1 (YMF100)

Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande begrep i matematikk og fysikk for bruk i ingeniørfag. Kurset er retta mot studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og vil, saman med Matematikk og fysikk for Y-vei 2 (YMF110), gi studentane det naudsynte grunnlaget for studiar på universitetsnivå.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

YMF100

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Tal og talrekning. Algebra. Formlar, likningar og ulikskap. Funksjonar og andregradsuttrykk. Logaritmer og eksponentialfunksjoner. Grenseverdi og asymptotar. Derivasjon. Funksjonsdrøfting. Følgjer og rekker. Bevegelse og kraft.

Læringsutbytte

Kunnskap: Kunne dei tema som emnet inneheld. Ha eit nødvendig grunnlag etterfølgande emne i ingeniørstudiet som bygg på matematikk og fysikk.

Dugleik: Kunne strukturera, løysa, dokumentera og presentera oppgåver i matematikk og fysikk innan dei tema som emnet inneheld. Kunne tolka rekneresultat.

Generell kompetanse: Innsjå nytteverdien av matematikk som eit verktøy for å handtera oppgåver matematikk og fysikk. Sjå koblingar mellom fysikken og matematikken i bevegelseslikningane.

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg prøve 1/1 4 Timar Bokstavkarakterar Spesifiserte trykte og handskrivne hjelpemiddel tillaten. Bestemt, enkel kalkulator tillate

Skriftleg eksamen med penn og papir.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar
Obligatoriske arbeidskrav, dvs. rekneøvingar, skal vera godkjende av faglærar innan gitt frist.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Sven Ole Aase

Instituttleiar:

Tom Ryen

Arbeidsformar

6 timar forelesing, 4 timar øvingsarbeid med rettleiing pr.veke.

Åpent for

Elektroteknologi, yrkesveg - bachelor i ingeniørfag Energi- og petroleumsteknologi, y-vei - bachelor i ingeniørfag

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto