Heidi B Bringsvor har forska på korleis personar med kols kan auka helsefremmende kompetanse, mestring og livskvalitet.
Første gang publisert 27. mars 2019.
Bringsvor fann at det er samanheng mellom korleis personar med scorane til kol på ei rekke helsefremmende (self-management) relaterte område og deira opplevde symptombyrde. Vidare fann ho at det er samanheng mellom opplevd helserelatert livskvalitet og score på konstruktive haldningar og tilnærmingar og emosjonelt ubehag.
Betre liv med kols
I ein randomisert kontrollert studie fann ho vidare at deltaking i programmet Bedre liv med kols (eit self-management program med gruppesamtalar for personar med kols i heimkommunane deira) hadde positiv effekt på tilegnelse av evner og teknikkar og konstruktive haldningar og tilnærmingar.
I tillegg fann ho ein positiv effekt på evne til egenmonitorering og innsikt hos dei som deltok i meir enn halvparten av gruppesamtalane.
Har effekt og kan gjennomførast
Resultatene er eit viktig grunnlag for vidare forskingsarbeid på både self-management generelt og Bedre liv med kols spesielt. Om ein har som mål å betra tilegnelse av evner og teknikkar, konstruktive haldningar og tilnærmingar eller auka egenmonitorering og innsikt hos personar med kols, indikerer resultata at Bedre liv med kols kan vera ein intervensjon som både har effekt og er gjennomførbar i kommunehelsetenesta. Samtidig må ein undersøka vidare moglege effektar på andre variablar, som til dømes symptom og livskvalitet, langsiktige effektar av deltaking i intervensjonen, og dessutan vurdera klinisk nytte og helseøkonomiske aspekt.
225 personar med kols frå 11 kommunar deltok i studien. Bringsvors avhandling heiter Self-management in people living with Chronic Obstructive Pulmonary Disease (COPD).
Heidi B. Bringsvor er utdanna intensivsjukepleier og har mastergrad i mestring og myndiggjøring. Ho arbeider i Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Fonna. Bringsvor disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin 3. april 2019.