Disputas: Melissa Weibell har i doktorgraden sin forska på førstegangspsykose og rus.
Første gang publisert 3. juni 2019.
75 prosent av psykiske lidingar oppstår før fylte 25 år, og det er særleg unge menneske som lir av psykosar. Dei samfunnsmessige kostnadene for psykoselidingar er svært høge, i tillegg til påkjenninga for pasientar og familiar.
Mange unge med psykiske lidingar bruker rus, noko som gir dårlegare moglegheiter for å bli frisk. Rusinduserte psykosar ei stor utfordring for behandlingsapparatet og lokalsamfunnet.
Rusmisbruk kan utløysa psykosar
Weibell har undersøkt forekomsten av psykosar forårsaka av rus og andre psykosar – med og uten rus.
Rusmisbruk utløyser og kompliserer psykoselidingar, og samanhengen er uklar. Rundt halvparten av rusmisbrukarar slutta å ruse seg i løpet av dei to første åra i behandling. Weibells forsking viser at dei som klarer å slutta tidleg med rus, etter ti år har eit symptom- og funksjonsnivå som er like bra eller betre enn dei som aldri har rust seg.
– Viss vi får dei unge ut av misbruket tidleg, så er prognosane veldig mykje betre enn for dei andre. Forskinga vår viser at tidleg inngripen kan vera nøkkelen, seier Weibell.
Kan endra behandling av psykoselidingar
Den siste artikkelen hennar fokuserer på nevrokognisjon i eit langtidsperspektiv og funna peiker i same retning som i førre artikkel. Dei som sluttar med rus tidleg i forløpet har like gode eller betre kognisjon enn dei som aldri har rust seg.
Dette kan gi grunnlag for å tenka at desse pasientane i utgangspunktet representerer ei anna gruppe med eit anna sårbarheitsgrunnlag enn primærpsykosepasientar utan rus, ein tanke som kan ha implikasjonar for tilnærming og behandling av psykoselidingar i framtida.
Dette funnet har viktige kliniske implikasjonar både for dei som jobbar med psykiske lidingar og rus, og for pasientar og pårørande.
Weibell disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger 5. juni 2019.