Profres-kandidat Ingunn Fylkesnes skal holde prøveforelesning og disputas for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Fakultet for samfunnsvitenskap, Nord universitet den 26. februar 2021.
Tittel på avhandlingen:
Kropp, kommunikasjon, aktørskap. Utviklingshemma barn og unge si livsverd i den institusjonelle konteksten barnebustad
Tittel på prøveforelesningen kommer når denne offentliggjøres.
Tid for prøveforelesning: 10:15 – 11:15
Tid for disputas: 12:15 - 15:30
Sted: Auditorium Petter Thomassen (A5), Bodø og på Microsoft Teams (link kommer).
Disputasleder: Professor Berit Skorstad, Nord universitet
Bedømmelseskommisjon:
- Professor Anders Gustavsson, Stockholms universitet (førsteopponent)
- Professor Jan Tøssebro, NTNU (andreopponent)
- Førsteamanuensis Asgeir Solstad, Nord universitet (koordinator)
Veiledere:
- Hovedveileder: Professor Johans T. Sandvin, Nord universitet
- Medveileder: Professor Borgunn Ytterhus, NTNU
Prøveforelesning og disputasen er åpen for alle interesserte tilhørere. Avhandlingen blir tilgjengelig for gjennomsyn to uker i forkant ved å kontakte Anneli Maria Watterud, e-post: anneli.m.watterud@nord.no.
Sammendrag:
Denne avhandlinga har fokus på utviklingshemma barn og unge som bur i institusjonsforma barnebustad og korleis dei handlar i og set preg på kvardagen sin. Barnebustaden er ei kommunal omsorgsteneste til familiar med krevjande omsorgsoppgåver for eit barn med komplekse funksjonsnedsetjingar. Profesjonelle tenesteytarar gjev dagleg omsorg på vegne av og i samarbeid med foreldre.
Avhandlinga baserer seg på data frå deltakande observasjon i tre barnebustadar (hovudmetode) og intervju med tilsette og foreldre. Studien har ei etnografisk tilnærming. Avhandlinga er fundert i fenomenologiske, interaksjonistiske og institusjonelle perspektiv på kropp, kommunikasjon og aktørskap, og på barnebustaden som heim, arbeidsplass og institusjon.
Avhandlinga består av fire artiklar, tre engelske og ein norsk, og ei omfamnande kappe.
Viktige funn i studien er at dei utviklingshemma unge kan og vil meir enn det som ofte er forventa av denne gruppa barn og unge, men at deira innsats for å skape dialog og å medverke møter mange utfordringar i den institusjonelle kvardagen. Identifiserte institusjonelle faktorar som påverkar dei unge sin mogleik for å utnytte sitt fulle potensiale for kommunikasjon, deltaking og aktørskap kviler blant anna på personalet sine institusjonelt pålagte praksisoppgåver og i turnussystemet som medfører ein diskontinuitet i relasjonen mellom bebuar og tilsett.
Det vert stilt kritiske spørsmål om barnebustaden som eigna oppvekststad for utviklingshemma barn og unge i lys av menneskerettar, og om barnebustaden sin legitimitet som velferdsstatleg tenesteform.
Artiklar:
- Communicative work. Establishing communication by severely disabled children in small group homes. Publisert 2020 i Child, Care and Practice.
- Whose voices matter. Use, misuse and non-use of Augmentative and Alternative Communication (AAC) among severely disabled children in small group homes. (medforfattar: Borgunn Ytterhus, NTNU). Revidert versjon under review i Scandinavian Journal of Disability Research.
- Relasjonelt aktørskap: Utviklingshemma barn og unge sine vilkår for medverknad når dei bur i barnebustad. Publisert 2020 i Fontene Forskning.
- Institutional talk and practices: A journey into small group homes for intellectually disabled children. Publisert 2020 i Disability & Society.
Startdato:26 februar 2021 10:15
Sluttdato:26 februar 2021 15:30
Sted:Auditorium Petter Thomassen (A5), Bodø og digitalt Legg til i din kalender