Den nye kontorsjefen ved Kunnskapssenter for utdanning gler seg til å utforska det komplekse utdanningsfeltet endå meir.
Idar Ree hadde før helga første arbeidsdag som ny kontorsjef ved Kunnskapssenter for utdanning.
Idar kjem frå jobben som avdelingsleiar for samfunnsfaga ved Sandnes videregående skole, der han vore dei siste 15 åra.
Og tenkte du nå: «Har eg ikkje sett han der før her?» så har du rett. Idar Ree har nemleg òg tidlegare vore tilsett ved Universitetet i Stavanger før, i fleire ulike stillingar. Først som prosjektassistent for internasjonalt samarbeid, seinare som universitetslektor i historie på mellomfagsnivå ved IKS og i samfunnsfag ved allmennlærarutdanninga. Til slutt som studiekoordinator ved allmennlærarutdanninga, ei stilling han hadde i fem år.
47-åringen er opphavleg frå Bryne, er gift, har tre barn og ein hund og bur i dag med familien på Gausel.
– Noko av motivasjonen for å ta jobben ved Kunnskapssenter for utdanning, var å få moglegheita til å gå inn i dette komplekset temaet utdanning, gjennom ei for meg ny vinkling. Eg har dei seinare åra, gjennom skulen, vore i det ein kan kalla erfaringsfeltet, og går nå inn i eit meir teoretisk forskingsfelt. Det blir spennande å sjå korleis det er mogleg å få desse to felta til å møtast, og slik få vera med på ei viktig utvikling der skulen òg i framtida kan kjennast relevant, seier Idar Ree.
Me ønskjer Idar hjarteleg velkomen til oss på KSU!
Tekst: Leif Tore Sædberg