Tilfeldigheiter gjorde at Arne Jakobsen søkte NORAD om støtte til eit matematikkprosjekt i Malawi. Fem år seinare ser han eit fagmiljø i rivande utvikling.
Publisert første gong 18.12.2018
- Eg hadde kjente i Sør-Afrika, og dei sette meg i kontakt med folk på University of Malawi. Vi såg raskt at her var det potensiale for samarbeid. No er første prosjekt ferdig, og vi går i gang med eit nytt prosjekt.
Matematikkprofessoren ved Universitetet i Stavanger snakkar på innpust og utpust, og er tydeleg engasjert.
- Begge prosjekta bygger på behov som lærarutdanningane i Malawi sjølv har peika på. Dei har for få lærarar i landet etter at elevtalet nærast dobla seg overnatta i samband med at grunnskulen vart gratis i 1994. Mange av lærarane har ikkje tilstrekkeleg kunnskap i faga dei skal undervise i, fortel Jakobsen.
Doktorgrader og lesson study
Saman med gode kollegaer ved UiS har han dei siste åra sådd spirene til eit fagmiljø innanfor matematikkdidaktikk ved University of Malawi (UNIMA).
- To malawiske studentar har gjennomført doktorgradsprogram, og tredjemann er heilt i sluttfasen. Desse vil no bidra til å drive vidare eit masterprogram i matematikkdidaktikk som vi har startet ved UNIMA, fortel Jakobsen. På sikt gir det betre utdanna matematikklærarar ute i skulane.
I løpet av doktorgradsarbeidet har studentane hatt opphald ved UiS. På det viset har dei fått direkte rettleiing frå Jakobsen og kolleganene ved mattegruppa ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS).
- Vi har rettleia saman, diskutert og sytt for einsarta tilbakemeldingar til studentane. Dette trur eg begge partar har lært av, seier Jakobsen.
Doktorgradsprogrammet og masterkursa er to av fleire komponentar Jakobsen og kollegane har bidratt til dei siste åra.
- Vi har også vore med på å utvikle eit vidareutdanningskurs for matematikklærarutdannarar på alle dei 8 lærarskulane i Malawi. Der nyttar vi lesson study som metodikk, for å utforske studentane si forståing av undervisninga. Ved University of Malawi har vi i tillegg fått i stand eit særskilt matematikkrom for matematikkeundervisning, med lokalt utvikla konkretiseringsmateriell.
Kvalitet og kompetanse
Sakte men sikkert bygger Jakobsen og kollegaene ved UiS kapasitet og kompetanse, og gjennom det kvalitet i matematikkundervisning i Malawi. Fleire tilsette ved lærarskulane har no uttrykt interesse for å starte på eit doktorgradsprosjekt, og University of Malawi opplever interesse blant både lærarar og lærarutdannarar for å ta mastergrad innan matematikk.
- Det er ut som at dei spirene vi har sådd no gror vidare, seier Jakobsen. Fleire folk blir engasjerte i matematikk som fag.
Han er også glad for at dei gjennom prosjekta har særskilt høve til å støtte kvinnelege studentar og lærar som ønsker å styrke seg fagleg. Fleire kvinnelige rollemodellar er viktig når ein ser at mange jenter ikkje fullfører grunskulen.
- Malawi opplever det motsatte av oss. Kvinneandelen blant lærarane i grunnskulen er svært låg, og det er eit mål å auke den, fortel Arne Jakobsen.
Gjennom NORDHED-prosjektet gir dei insentiv til jenter som ønsker å ta mastergrad og prøver no å dra i gang eit nettverk for kvinnelege matematikklærarar i Malawi.
- Vi må få på bordet kva utfordringar kvinnene møter i lærarutdanningane og i utøvinga av yrket, slik at vi kan konkretisere dei tiltaka som kan vere mest nyttige, meiner Jakobsen.
Internasjonal merksemd
I det nye prosjektet som startar no handlar det om begynnaropplæring i matematikk. Fokus her er i større grad på dei som allereie er lærarar ute i skulen, enn på lærarutdanninga.
- Totalt er vi fire personar frå matematikkgruppa på IGIS og ein frå pedagogikkgruppa som jobbar med dette prosjektet, fortel Jakobsen. I dette prosjektet vil vi ha to doktorgradsstipendiatar, og samt ei post-doc stilling.
Tidlegare i haust var Arne Jakobsen på AFRICME, ein matematikk-konferanse i Dar es Salaam i Tanzania. Der presenterte han prosjektet der UiS og University of Malawi har samarbeidd sidan 2013.
- Vi har klart å bygge eit miljø som blir lagt merke til, og vi opplever no at andre land rundt Malawi ser på erfaringane vi har gjort oss og ønsker å starte liknande initiativ.
Ringar i vatn
Kontakten som er etablert gjennom formelle NORHED-prosjekt har også andre ringverknadar.
- Ein grunnskule i Malawi er blitt godkjent som praksisskule for grunnskolelærarutdanninga ved UiS. No har vi jamleg lærarstudentar frå UiS som reiser til Malawi for å gjennomføre praksis. Ti masterstudentar frå UiS har også skrive oppgåver i Malawi, der dei har samla data og observerte på skular i Malawi, fortel Jakobsen.
No skal ein doktorgradsstudent i matematikkdidaktikk ved UiS skrive avhandlinga si i ein malawisk kontekst, og samarbeider med dei to nye doktorgradstudentane ved University of Malawi.
Nyleg vart Jakobsen også deldelt NORPART-midlar. Desse går til studentutveksling, der matematikk no blir inkludert.
- Nokre matematikkstudentar frå Malawi vil ta fag i det engelskspråklige masterstudiet i matematikk ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet. I tillegg kjem nokre masterstudentar i matematikkdidaktikk til å vere ved IGIS og få rettleiing der under arbeidet med masteroppgåva.
Lærdom går begge vegar
Avslutninga av det første prosjektet gir rom for refleksjon før neste prosjekt startar for fullt. Arne Jakobsen er takksam for det han får tilbake ved å arbeide med studentar, lærarar og lærarutdannarar i Malawi.
- Tankegangen bak bistandsprosjekt er tradisjonelt sett einvegs, at vi skal gi noko utan å få i retur. Men det er heilt umogleg å jobbe så tett saman over mange år utan at vi lærer noko sjølv også. Vi forskar saman, skriv artiklar saman – det å bygge opp eit forskarmiljø på denne måten er sjølvsagt utviklande for oss også.
Jakobsen er klar på at det er mykje å lære ved å sjå korleis undervisning føregår andre stader.
- Vi ser korleis undervisninga er mykje meir verbal, gitt at dei materielle føresetnadane for undervisninga er annleis enn det vi er vant med heime. Kommunikasjonen mellom lærar og student blir sterkare.
Eit anna aspekt er at samarbeidet med University of Malawi samlar kollegiet heime ved UiS også.
- Når vi reiser til Malawi er vi meir inni kvarandre si undervisning enn vi er heime. Vi er tettare på kvarandre, vi planlegg undervisningsopplegg saman og kommenterer kvarandre si undervisning. Dette kjennest meiningsfullt, og vi utviklar eigen kompetanse undervegs, noko som også kjem studentane heime i Stavanger til gode.