Seksjonen tilbyr eit treårig utøvande bachelorstudium i dans med fokus på samtidsdans. Studiet førebur deg til eit profesjonelt yrkesliv som utøvande og medskapande dansekunstnar, eller til vidare studium innan dans.
Danseseksjonen har nære band til internasjonale dansemiljø gjennom utveksling og utstrakt besøk av gjestelærarar og koreografar. Seksjonen har ein internasjonal profil, med engelsk som undervisingsspråk, med tilsette frå fleire land og utvekslingsstudentar frå Europa og USA.
Danseseksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Jens Torolf Larsen.
Her kan du lesa meir om studiet, korleis du søkjer og finne datoar for opptaksprøvar.
Kven undervisar i kva i danseseksjonen?
Her finn du ein oversikt over alle tilsette i danseseksjonen.
Siri Dybwik er seksjonsleiar og studieprogramleiar for dans. Mari Flønes er fagkoordinator.
- Austbø, Eva Keilen - klassisk ballett
- Bandlien, Brynjar Åbel - samtidsdans, kunstnerisk praksis, body research, Artistic Research
- Bauer- Nilsen, Birgitte - dans i kontekst, koreografi, Artistic Research
- Comendador, Annemariet Gonzales - klassisk ballet
- Dybwik, Siri - arbeidslivskunnskap, Artistic Research
- Flønes, Mari - improvisasjon og komposisjon, samtidsdans, community dance, veileder egendef. prosjekt og kunstnerisk praksis
- Haugland, Henning Rød - musikk for dansarar, improvisasjon og komposisjon
- Van Merkensteijn, Gry Galta - safe dance practice
- Yakira, Hagit - koreografi, improvisasjon, samtidsdans, Artistic Research
Les meir om dei tilsette i danseseksjonen
Eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
Danseutdanninga i Stavanger blir kjenneteikna av eit sterkt og internasjonalt fagmiljø som har eit fokus på samtidsdans. Alle i faggruppa har spesialisert kompetanse innan ulike fagområde innan dansekunst og som er aktiv som utøvar, koreograf, pedagog og/eller forskar. Vi er ein professor, tre førsteamanuensisar, og fem universitetslektorar som er med for å førebu studentar til eit profesjonelt yrkesliv som utøvande og medskapande dansekunstnar.
Danseutdanninga tilbyr studieprogrammet bachelor i dans, og held til i spesielt tilrettelagte lokale i Bjergsted Park der studentar og tilsette har tilgang til fleire dansestudio, garderobar med dusj, førelesnings- og møtelokale, black box, konsertsal, IKT rom, universitetsbibliotek med filial spesialisert på musikk og dans, og kantine. Det finst også nybygde studentbustadar på campus. I umiddelbar nærleik er ei rekke kulturinstitusjonar som har eit tett samarbeid med fakultetet. I Bjergsted finst kulturskule, MDD-lina ved Stavanger katedralskole og Stavanger konserthus der Stavanger symfoniorkester held til. RIMI/IMIR og Tou Scene i austre bydel og RAS ved Sandnes kulturhus er også blant utdanningas viktige samarbeidspartnarar.