24 millionar til forsking på barns lesing og koding

To samarbeidsprosjekt ved UiS fekk nettopp innvilga sine søknader frå Forskingsrådet. Det eine prosjektet skal lage verktøy for å vurdere førsteklassebarns leseferdigheiter. Det andre skal auke digital kompetanse hos førskolelærarar.

Published Sist oppdatert
Barn leser med voksen
Prosjektet Read to me skal gje lærarar betre verktøy til å vurdere førsteklassebarn si lesing mens dei leser engasjerande tekstar høgt for læraren.

I dag la Forskingsrådet fram søknadsresultata på kompetanse- og samarbeidsprosjekt. UiS fekk to av sine 11 søknadar innvilga.

Dette er forskingsprosjekt som skal vere med å møte store utfordringar i samfunnet og næringslivet – og prosjekta skjer i samarbeid med aktørar frå det offentlege og næringslivet.

Dei to samarbeidsprosjekta som UiS har fått tilslag på, skal gje ny kunnskap om utdanning.

I denne runden gav Forskingsrådet over ein milliard kroner til 76 samarbeidsprosjekt. 24 millionar gjekk altså til UiS.

Styrkar leseopplæring i første klasse

Det eine prosjektet – Read to me – enhancing teachers engaging progress monitoring of struggling readers – er støtta med 12 millionar kroner og er leia av førsteamanuensis Bente Rigmor Walgermo på Lesesenteret ved UiS. Prosjektet handlar om å vurdere barns lesing mens dei leser engasjerande tekstar høgt.

Prosjektet tek sikte på å utvikle kompetanse til lærarar i å kunne støtte elevar som trenger ekstra hjelp i leseopplæringa.  Dette skal Lesesenteret gjere i samarbeid Nynorsksenteret og lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda og UiS. Sandnes og Herøy kommune skal vere med å utvikle verktøyet, medan det skal prøves ut på førsteklassingar på skoler i Stavanger kommune.

Bente Rigmor Walgermo
Bente Rigmor Walgermo skal leie eit stort samarbeidsprosjekt som skal gje lærarar nye og betre verktøy i leseopplæringa.

Bakgrunnen for forskinga er at lærarar rapporterer at dei trenger verktøy for å følgje elevane si lese-utvikling tettare. Forsking viser at dersom lærarane tidleg klarer å avdekke kva som er utfordrande i elevane si lesing, så kan dei raskare gje relevant støtte – noko som gjev gode resultat.

Les for meg skal være ei vurderingsform der målet er å styrke elevane si interesse for lesing og oppleving av meistring gjennom at dei leser nivåtilpassa engasjerande tekstar. Målet er å forske oss fram til ein god metode for å finne akkurat kor skoen trykker i lesinga og kva som må gjerast for å hjelpe eleven vidare, forklarer Walgermo.

Nyskrivne, tilpassa tekstar

Ho er takksam for å få støtte til dette utforskande prosjektet, som også inkluderer barnebokforfattar Bjørn Arild Ersland og illustratør Øyvind Torseter. Saman med forskarane skal dei lage ein digital plattform som inneheld tekstar av høg kvalitet spesielt tilpassa elevar i første klasse.

I 2018 avla Walgermo ein doktorgrad kor ho viste at elevane allereie før skolestart har danna seg eigne bilete av seg sjølv som lesarar og at det difor er viktig å jobbe med trua på eigen meistring og interesse for lesing heilt frå skulestart.

Les også: Viktig å jobbe med elevenes tro på seg selv.

Digital kompetanse utan bruk av skjerm

Samarbeidsprosjektet er DiCoTe: Increasing professional Digital Competence in ECTE with focus on enriching and supporting children’s play with coding toys fekk også opp mot 12 millionar frå Forskingsrådet. Prosjektet er leia av førsteamanuensis Francesca Granone i samarbeid med Elin Reikerås, begge ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved UiS.

Francesca Granone har Vitensenteret i Sandnes og Matematikksenteret i Trondheim med seg på laget i tillegg til fleire forskarar og barnehagelærarar i arbeidet med å få koding inn som del av praksis i norske barnehagar.

Ho gler seg stort over å kome i gang med dette storstilte samarbeidsprosjektet som blant anna skal lære barnehagelærarar korleis dei kan støtte barna sin utvikling av digital kompetanse. Det skal dei gjere heilt utan bruk av skjerm. 

– Barn utviklar seg sjølv og eigen tankegang gjennom kropp og språk. Eit tydeleg mål uttrykt i nasjonale retningsliner for barnehageopplæring er at barna skal lære og bli støtta i problemløysing – også når det gjelder å ta i bruk teknologi. Dette må skje gjennom leik, alltid. Vårt prosjekt handlar difor om å programmere fysisk og taktilt, utan skjerm, fortel Granone.

I ein rapport frå 2019 kjem det fram at barnehagelærarar ønsker meir kompetanse når det gjelder å støtte barna i problemløysing knytt til teknologi. Det kan til dømes handle om kompetanse i koding og programmering – ein type grunnleggande læring i digital kompetanse.

Kodeleik

I prosjektet DiCoTe skal forskarane og barnehagelærarane ta i bruk ein type kodeleik som er egna for born i alderen 3 til 5 år. Koding er ein bestemt måte å tenke og løyse problem på. For å klare å løyse problemet må barna vere i dialog med andre, samarbeide, finne løysingar gjennom mentale eller fysiske opplevingar. Heilt konkret skal det lagast ein pedagogikk for korleis barn kan gje logiske meldingar til ein robot intuitivt via direkte interaksjon med leiketøyet. Barna skal lage vegar for ein robot ved å legge pilar på golvet.

– Vi har fokus på korleis barn tenker og pedagogikken vi lager skal bygge opp under det. Barna skal ikkje lære å skrive kodar, men få grunnleggande kunnskap om det å programmere, forklarer Granone.

No skal forskarane i prosjektet samarbeide med 12 barnehagelærarar frå Sandnes kommune, Røros kommune og Melhus kommune, for å utvikle ein god metodikk for korleis barnehagelærarar kan støtte barna i det emnet som handlar om språk, test og matematikk. Målet for forskingssamarbeidet er å auke den profesjonelle digitale kompetansen hos barnehagelærarar med fokus på å støtte barnas leik med koding. Viktig i prosjektet er å bygge partnarskap mellom forskarar, faglærarar, barnehagelærarar og studentar ved barnehagelærarutdanningar.

–  Vi skal samarbeide med Dronning Mauds Minne Høgskole for Barnehagelærarutdanning i Trondheim for å utvikle ressursar som skal brukast over hele Norge. Ressursane vil vere tilgjengeleg for  barnehagelærarar og vil bli teke i bruk i barnehagelærarutdanninga.

Medan Dronning Mauds Minne er med for å prøve ut den nye pedagogikken, så er NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Aalborg frå Danmark med i prosjektet som medforskarar. Matematikksenteret i Trondheim og Vitensenteret i Sandnes er med for å ta i bruk og formidle det nyttige som kjem ut av prosjektet.

Seminarrekke om søknadsskriving

Per Henning Uppstad, prodekan for forsking og innovasjon ved Fakultet for utdanning og humaniora ved UiS, tok i fjor initiativ til ei seminarrekke om prosjektutvikling og søknadsskriving. Desse seminara har vore særleg retta mot forskarar som ville prøve å søke midlar frå Forskingsrådet for første gong, i tillegg til forskarar med meir erfaring.  

– Dette initiativet har tydeleg gjeve resultat. Begge prosjekta som fekk støtte i denne runden handlar om å styrke utdanningsfeltet. Det er spesielt kjekt at to førsteamanuensisar – forskarar tidleg i karrieren – har lykkast med å få i land to slike store, gode samarbeidsprosjekt, påpeiker Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn.

Fitjar minner om at desse samarbeidsprosjekta skal stimulere og støtte samarbeid mellom forskingsmiljøa og aktørar utanfor forskingssektoren.

– Her har vi to særleg gode samarbeidsprosjekt som knytt seg tett opp til praksisfeltet. Gevinsten kjem i form av endå betre utdanningar for barnehagelærarar og lærarar, betre pedagogikk i barnehage og skole, og ikkje minst gevinst for dei som er sluttbrukarar av denne forskinga: barn i barnehagen og elevar i førsteklasse. Dette er gode døme på korleis vi som forskingsinstitusjon er med på å betre kvaliteten i den pedagogikken som utøvast i barnehage og skole, påpeiker Fitjar.

Tekst: Karen Anne Okstad