Å skape smarte byar krev innsats frå både byplanleggarar, teknologar, energiekspertar, samfunnsvitarar og andre. UiS driv tverrfagleg forsking og samarbeid på dette området.
48
23
24
Morgondagens samfunn må bli meir miljøvenleg, effektivt og brukarvenleg. Det krev at vi finn nye og betre løysingar for innbyggjarane, som igjen krev forsking, utvikling og samarbeid mellom ulike akademiske fagfelt, og ikkje minst offentlege og private aktørar.
Her har universiteta ei viktig rolle å spele.
Ved Universitetet i Stavanger er mange vitskapleg tilsette involverte i forskings- og utviklingsprosjekt innanfor smartby-området. Dei representerar svært ulike fagområde, mellom anna byplanlegging, informasjonsteknologi, samfunnssikkerhet, økonomi, politikk, innovasjon, utdanning og kunstfag.
Prosjekta kan sorterast på følgjande tema:
- Energiløysingar
- Helse og omsorgstenester
- Informasjonsteknologi i smarte byar
- Kunst i smarte byar
- Oppvekst og utdanning
- Sikrare samfunn
- Smartbypolitikk og -innovasjon
UiS har eit eige nettverk for smartbyforsking, som organiserer ein stor del av prosjekta.
Forskingsprosjekt
Fasadeintegrerte solfangarar
Kan vi produsere energi, ha ein sparsom arealbruk og skape norsk industri ved å bruke husfasadane våre som solfangarar?
Det finst svært mange solvendte fasadar på bygningar i Noreg og andre nordiske land, der solgangen er lågare enn i varmare strøk og der takbaserte solfangarar blir utsette for is og snø i den kalde årstida. Ved å bruke fasadane til solfangst kan vi spare opne areal og dyrkbar mark for omfattande utbygging.
STENI AS ønsker å lage lette og teknologisk smarte solfangarar som er integrerte i bygningsfasaden. Med seg på laget har dei Universitetet i Stavanger, Syddansk Universitet og EGGS Design.
Dagens solfangere for fasade er dyre og lite fleksible, og dei må i tillegg ofte transporterast langt, som frå Kina. Prosjektet kan på dette viset levere ei norskprodusert og meir kortreist nyvinning som mange vil ha glede av.
Dette prosjektet er ein del av Energilaben på UiS-campus.
- Partnarar: STENI AS, Syddansk Universitet, EGGS Design og Universitetet i Stavanger
- Involverte forskarar frå UiS: Professor Harald Nils Røstvik, doktorgradsstipendiat Hassan Gholami
- Finansiering: Innovasjon Norge
Smart kunst
Stavanger kommune, UIS og NTNU etablerer eit tverrfagleg samarbeid som skal fremje kunsten og kunstnaren si rolle i samfunnet.
Prosjektets fulle navn er: Smart kunst: mot ein ny praksis for kunsten og kunstnarens rolle i samfunnet.
Ulike forståings- og omgrepsmodellae skal utforskast, kombinert med praktisk utprøving av nye metodar og strukturar. Arbeidet kan leggje til rette for ein ny praksis innan byutvikling, sterkare kunstnarøkonomi og introduksjon av ein estetisk dimensjon til berekrafts-omgrepet.
Stavanger kommune er den einaste smartbyen med ei uttalt satsing på kunst. Omgrepet “smart kunst” har ikkje vore mykje definert. Utforskinga av kva kunst kan vere i ein smartby-samanheng, gjerast i spennet mellom praksis og diskurs, i opne og undersøkjande samarbeid.
Til dette treng vi ein ny praksis. For å oppfylle samfunnsoppdraget og satsinga vår om å skape gode kvardagsliv og ein betre by å bu i, ser Stavanger kommune at det er naudsynt å tenkje og gjere ting annleis.
Vi skal vere ein samskapande kommune, som utviklar nye løysingar saman med andre - internt i kommunen, og med innbyggjarar, næringsliv, forskingsmiljø og frivillige organisasjonar. Innovasjons- og teknologimiljø verda over har innsett verdien av kunsten og kunstnaren som ein føresetnad for nyskaping og omstilling.
- Partnarar i prosjektet: Stavanger kommune, NTNU, Universitetet i Stavanger
- Forskarar i prosjektet: Professor Morten Wensberg, førsteamanuensis Kristiane Lindland
- Finansiering: KORO
Smart strømstyring
Prosjektet SmartNEM tek sikte på å finne løysingar for morgondagens strømnett, der lokalsamfunn både kan forbruke, lagre og produsere elektrisitet.
Dagens el-infrastruktur manglar mekanismar til å handtere massive og konsentrerte energibelastningar når mange eksempelvis skal la dei elektriske køyretya sine på same tid.
Ei løysing for å handtere overspenning ved slike forbrukstoppar, utan å leggje om straumnettet, er å integrere fornybare mikro-energikjelder i hushald eller nabolag.
Nye mekanismar
Då må vi finne ein effektiv måte å gjere innbyggjarar om til både konsumentar og produsentar ("prosumers") av straum, og utvikle verkty for effektiv administrasjon av energiproduksjonen og forbruket til hushaldet eller nabolaget.
Vi treng mekanismar som kan slå saman alle ulike mikro-energikjelder, integrere felles einingar for kraftlagring, produksjon og forbruk og tillatne energideling og -handel mellom familiar, nabolag og lokalsamfunn.
Forskingstema:
- "Fog computing"
- Maskinlæring
- Blockchain
- Datatryggleik
Om SmartNEM:
SmartNEM-prosjektet blir støtta av Forskningsrådets ENERGIX-program. Det blir drive av Universitetet i Stavanger (koordinator), Universitetet i Oslo, Lyse, Statnett, NORCE, Smart Innovation Noreg og DNV GL.
Kontaktperson: Professor Chunming Rong, UIS.
Du finn fleire forskingsprosjekt på våre engelske smartby-sider.