Disputas: Korleis kan institusjonelle forskjellar mellom regionar forklare regional utvikling? Det har Jonathan Muringani forska på i doktorgradsprosjektet sitt.
Han forsvarde avhandlinga Institutions and Regional Development. A panel data study of EU regions då han disputerte for ph.d.-graden i leiing, økonomi og reiseliv ved Universitetet i Stavanger 8. april 2021.
Det er mykje litteratur innanfor økonomisk utvikling som handlar om korleis utviklingsforskjellar ikkje berre er eit resultat av forskjellar i fysisk eller human kapital, men også av forskjellar i formelle og uformelle institusjonar. Få har likevel studert dette på regionalt nivå, sjølv om det blir stadig større forskjellar mellom regionar i både økonomisk utvikling og i institusjonar.
Muringani har sett på forskjellar mellom regionar i ulike typar institusjonar – kvalitet på styresmakter, sosial og politisk tillit, sosial kapital – og korleis dette kan forklare utviklingsforskjellar. Særleg har han sett på interaksjonar mellom ulike typar institusjonar: Er det viktigare å ha gode regionale styresmakter dersom regionen har meir makt? Er det viktigare å ha mykje sosial kapital dersom ein har lite av andre typar kapital? Er det viktigare med gode formelle institusjonar dersom ein har svake uformelle institusjonar?