Dr.philos. ved Universitetet i Stavanger

Doctor philosophiae (dr. philos) er ein ikkje-rettleidd doktorgrad som kan tildeles akademikarar som har utført forskingsarbeid og skrive ei avhandling på eiga hand.

Publisert Sist oppdatert

Kven kan søke om dr. philos?

Søkaren må ha mastergrad eller tilsvarande, og dessutan tilfredsstilla opptakskrava for opptak til det relevante ph.d.-programmet. Du må i tillegg vera statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land.

Er du ikkje statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, kan du likevel søkja viss

  • du har opphaldsløyve i Noreg.
  • avhandlinga behandlar emne eller byggjer på materiale som har direkte tilknyting til Noreg.
  • avhandlinga har sterk tilknyting til norsk forsking innan fagområdet.
  • avhandlinga er basert på forsking utført under opphald ved eit norsk universitet .eller forskingsinstitusjon, eller i særleg kontakt med norske forskarar.
  1. Avhandlinga skal vera eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar med omsyn til etiske krav, fagleg nivå og metode.
  2. Avhandlinga skal liggja på same faglege nivå som ein ph.d.-avhandling, men ha mykje større omfang.
  3. Avhandlinga skal bidra til å utvikla ny fagleg kunnskap og ha eit nivå som tilseier at ho kan publiserast som ein del av den forskingsbaserte kunnskapsutviklinga til faget.
  4. Avhandlinga kan bestå av ein monografi eller ei samanstilling av fleire mindre arbeid. Dersom avhandlinga består av fleire mindre arbeid, skal det gjerast greie for samanhengen mellom dei i ein innleiande del («kappe»). Denne innleiingsdelen skal, i eit heilskapleg perspektiv, samanfatta og samanlikna problemstillingane og konklusjonane som blir lagde frami delarbeida og dokumentera samanhengen i avhandlinga. Innleiingsdelen skal også gjera greie for val av teori og metode og vurdering av resultatet i samsvar med internasjonale standardar og fagleg nivå innan fagområdet. Kandidaten skal vera eineforfattar av innleiingsdelen.
  5. Hovudkomponenten til avhandlinga kan bestå av eit nytt produkt eller ei systematisert materialsamling eller ha ei anna framstillingsform (til dømes lyd, bilete, video og elektroniske framstillingsformer) der dens teoretiske og metodiske grunnlag ikkje kjem fram av produktet sjølv. I slike tilfelle skal avhandlinga, forutan å framstilla sjølve produktet, ha ein innleiande del («kappe»).
  6. Dersom avhandlinga eller delar av ho har blitt til i samarbeid med andre, skal kandidaten følgja dei normene for medforfattarskap som er allment akseptert i fagmiljøet og i samsvar med internasjonale standardar.
  7. I avhandlingar der det inngår arbeid med fleire forfattarar eller samarbeidspartnarar, skal det følgje ei underskriven erklæring som beskriv kandidatens og innsatsen til medforfattarane i kvart enkelt arbeid.
  8. Avhandlinga skal vera skriven på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
  9. Avhandlinga skal vera offentleg tilgjengeleg.
  10. Ei avhandling som ikkje har blitt godkjend ved ei tidlegare vurdering, kan bedømmast i omarbeidd versjon, anten som einaste arbeid eller som eitt av fleire samanhengande arbeid, først seks månader etter at fakultetet har teke avgjerd om å underkjenna avhandlinga. Vurdering på ny kan berre finna stad éin gong.

Merk: Det blir ikkje rett gitt til å framstilla seg for prøva i eit fagområde der kandidaten allereie har ein norsk eller nordisk doktorgrad. Kandidaten kan heller ikkje avslutta eit organisert doktorgradsprogram for å framstilla seg for dr. philos.-grada.

Sjå også: Forskrift for graden dr.philos. ved Universitetet i Stavanger (lovdata.no).

Søknad

Søknad om dr. philos. sendes direkte til det aktuelle fakultet. Sjå kontaktinformasjon til fakulteta.

Du må levera følgjande:

  • Elektronisk kopi av avhandlinga i PDF-format
  • Formell søknad om å få arbeidet bedømt (pdf)
  • Skriftlig eigenerklæring om at avhandlinga, eller deler av denne, ikkje er eller har blitt levert inn til vurdering ved annan norsk eller utanlandsk institusjon
  • Kopi av mastervitnemål
  • CV med eventuelle publikasjonar
  • Medforfattererklæringer for kvar artikkel i avhandlinga

Fakultetet avgjer om du blir gitt tilgang til vurdering av avhandlinga på grunnlag av søknaden og den vedlagde dokumentasjonen.

Dersom søknaden din blir godkjend, blir det utnemnt ein vurderingskomité og du vil få informasjon om den vidare prosessen.