INTERACT-prosjektet er i gong for alvor, og no er rekrutteringsprosessen av lærarar over. Til saman skal lærarar frå 12 skular i Rogaland og Møre og Romsdal delta i prosjektet. – Det er godt å vere i gong, seier prosjektleiinga.
Forskingsprosjektet INTERACT handlar om samhandlinga mellom lærar og elev. Målet med prosjektet er å undersøke korleis digital video-basert dialog kan støtte lærarar i arbeidet med å styrke kvaliteten av interaksjonar i klasserommet. Dette kan igjen auke elevane sitt engasjement og gjere at dei lærer meir på skulen.
INTERACT-prosjektet starta opp i juni 2021, og skal vere ferdig i 2025. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS) som samarbeider om forskingsprosjektet, som igjen vert finansiert av Forskningsrådet.
– Var aldri i tvil då førespurnaden kom
I løpet av denne våren har prosjektgruppa arbeida med å rekruttere skular som skal delta i prosjektet, og no er dei 12 skulane på plass – 5 av dei frå Møre og Romsdal og 7 frå Rogaland. I tillegg har 100 lærarar ved skulane fått tilsendt ein formell invitasjon til å delta i prosjektet. INTERACT-prosjektet er med andre ord i full gong, og det er godt å kjenne på, seier prosjektleiinga, som i slutten av mai møttes for å diskutere vegen vidare.
– Det kjennes godt at vi no har fått landa ein del viktige oppgåver, og at vi på dette møtet har fått planlagt litt meir av korleis vegen vidare vert. Det kjennes godt å vere i gong, seier Elise Breivik, som er rådgjevar for seksjon for opplæring i skule i Rogaland fylkeskommune.
Saman med rådgjevar Hilde Meringdal frå Møre og Romsdal fylkeskommune, deltok ho på møte med resten av prosjektleiinga på Læringsmiljøsenteret.
– Vi vart veldig glade for å bli spurt om å bli med i dette prosjektet. Då førespurnaden frå Læringsmiljøsenteret kom, var vi aldri i tvil om vi skulle seie ja, eller ikkje. Vidaregåande opplæring har vorte lite forska på, så det kjennest viktig å kunne bidra til dette, seier Meringdal.
Treng meir kunnskap om klasseromsinteraksjonar
Prosjektgruppa i INTERACT fortel at det siste tida har vore ein del spenning knytt til rekruttering av skular. Ifølgje Breivik og Meringdal ser skulane sjølv behovet for meir kunnskap om kvalitet i klasseromsinteraksjonar, og ynskjer kunnskapen som følgjer med INTERACT-prosjektet hjarteleg velkomen.
– Det finnes jo internasjonal forsking på dette med samhandlinga mellom lærar og elev og kvifor det er så viktig, men det er lite forska på i norsk kontekst. Skulane ser behovet for meir kunnskap om dette, seier Meringdal.
Ho fortel at det no er mange spente lærarar der ute som lurer veldig på om kva gruppe dei skal tilhøyre. For intervensjonen skal evaluerast gjennom eit randomisert kontrollert forsøk der 50 lærarar og deira klasser/grupper gjennomfører intervensjonen, medan dei resterande 50 lærarane/klassene er ei samanlikningsgruppe som gjennomfører undervisinga som vanleg.
– Alle lærarane ynskjer nok helst å kome i tiltaksgruppa, og det er difor viktig at vi no nyttar litt tid på å få kommunisert ut til alle skulane som skal delta, at alle er like viktige – uansett kva gruppe ein hamnar i. Det er jo slik denne forskinga fungerer – at nokre må være i ei kontrollgruppe og andre i ei tiltaksgruppe, men det betyr ikkje at nokre er viktigare enn andre, seier Breivik.
Opplæring av «coachar»
Professor Sigrun Ertesvåg er leiar for INTERACT-prosjektet ved Læringsmiljøsenteret. Ho fortel at det er mykje aktivitet i prosjektet for tida, og at alle dei som tilhøyrer arbeidsgruppa har hendene fulle.
– No skal vi blant anna i gong med å lære opp dei som skal vere «coachar» for lærarane. Coachane skal få opplæring i kva denne rolla er meint å vere, og korleis dei best mogleg kan følgje opp lærarane, seier Ertesvåg.
Det er nemleg slik at dei lærarane og skulane som hamnar i tiltaksgruppa skal få delta i eit opplegg over eit skuleår med workshops, webinarar og nettressursar. Lærarane skal også gjere videoopptak frå undervisingssituasjonar. I tillegg får lærarane utdelt ein eigen coach som skal følgje undervisinga og følgje den enkelte lærar tett.
– Det kan vere nokre lærarar synes det er litt spesielt å skulle sleppe ein annan person så tett inn på seg sjølv og sin kvardag som skal rettleie dei, men det er her vi er svært opptekne av å leggje til rette for at det skal vere ein god og trygg dialog mellom læraren og coachen. Coachen skal følgje undervisinga og ha dialog med læraren om dei ulike situasjonane i undervisinga, og saman skal dei leggje ein plan for læraren sitt vidare arbeid i klasserommet, seier Ertesvåg.
Tekst og foto: Maria Gilje Strand