– Skulerådgjevarane har ei nesten umogleg oppgåve

Norske skular har ulik praksis for elevane sitt tilbod om rådgjeving. – Retningslinene for tilbodet må verte tydelegare, seier forskar.

Publisert Sist oppdatert

En elev får hjelp av en skolerådgiver.
Skulerådgjevarane skal gi elavane råd om skuleval og yrkesval, men rolla har stor variasjon frå skule til skule. Illustrasjonsfoto: Getty Images.

Alle elevar i norske ungdomsskular og vidaregåande skular har i dag rett på eit tilbod om rådgjeving på skulen, men tilbodet varierer i stor grad frå skule til skule, viser ein ny studie.

– Vi fann også ut at rådgjevarane i aller høgste grad står i ein skvis. Det er mange forventningar knytt til rolla frå mange ulike hald, men tida og ressursane strekk ikkje til. I tillegg er det veldig uklare retningsliner når det kjem til korleis dette viktige tilbodet skal vere, seier Ida Holth Mathiesen ved Læringsmiljøsenteret på Universitetet i Stavanger.

Ho tok i fjor haust ein doktorgrad om dette temaet, som det er lite forska på både i Noreg og resten av verda.

Ei nesten umogleg oppgåve

På grunn av stort fråfall på vidaregåande skule over fleire år har rådgjeving på skulen fått fleire forventningar frå politisk hald. Skulerådgjevaren skulle være ein sentral del av løysinga for å få ned talet på elevar som droppar ut.

– Sjølv om skulerådgjevaren skal gi elevar best mogleg hjelp med val i liv og karriere, så kan rådgjevaren ikkje aleine stå til ansvar for å løyse dei store og samansette problema i skulen som eksempelvis fråfall, seier Mathiesen.

Forskaren meiner at skulerådgjevarane har ei nesten umogleg oppgåve. Dei må balansere forventningar frå skule, lokalsamfunn og politikarer, samstundes som dei skal oppretthalde og pleie relasjonane til elevane sine.

Funn i studien syner at rådgjevinga vert tilpassa forventningane. Rådgjevarane tilpassar sin praksis etter det dei meiner er til det beste for elevane, lokale krav, ressursane på skulen og moglegheita for samarbeid på skulen.

Utfordringa er at dette kan føre til store forskjellar mellom skular.

Ingen kompetansekrav

Det er ingen kompetansekrav til stillinga som skulerådgjevar. Berre om lag fem prosent av dei har mastergrad på temaet. Og berre åtte prosent hadde meir enn eit års utdanning innan karriererettleiing eller rådgiving. Det syner ein rapport som Mathiesen var med å skrive i 2020.

Felta som skulerådgjevaren skal dekke over – både karriererettleiing og det sosialpedagogiske – er store felt. I tillegg er forskrifta for skulerådgjevingstenesta omfattande og vanskeleg å omsetje til praksis, meiner forskaren.

– Ofte sit rådgjevarane igjen aleine og skal prøve å tolke forskrifta. For at skulerådgjevarar lettare skal klare å handtere alle forventningane knytte til rolla si, trengs det tydelegare retningsliner om kva retten til rådgjeving faktisk går ut på. Det er viktig både for at rådgjevarane skal vite kva dei skal fokusere på og for at dei skal kunne seie nei til oppgåver som ikkje ligg inn under deira ansvarsområde, seier Mathiesen.

Vert ofte personavhengig

Ein typisk skulerådgjevar i Norge i dag er ein lærar som i tillegg til å undervise, jobbar i ein 50 prosent stilling som rådgjevar på eigen skule.

Skulerådgjevaren prøvar å balansere karriererettleiing med det sosialpedagogiske som følgjer med jobben, med alle forventningane knytt til rolla frå politikarar, skule og lokalsamfunn.

Ofte er dei heilt aleine som rådgjevar på skulen og skal ta omsyn til forventningar og veldig utydelege krav.

Rådgjevarane i ungdomsskulen har ein gjennomsnittleg stillingsprosent på 37 prosent til rådgjeving, mens dei i vidaregåande i gjennomsnitt har 60 prosent av stillinga si til dette.

Mange har lite ressursar å rutte med og minimumsressursen er på 4,3 minuttar per elev i veka til både sosialpedagogisk rådgiving og karriererettleiing. Kvar karriererettleiar i full stilling har i dag ansvaret for å rettleie 1.000 elever med det ressursnivået som gjeld i dag.

– Slik det er no, er tilbodet avgrensa og jobben krev mykje av den enkelte rådgjevaren. Det gjer at det ofte vert svært personavhengig og handlar om personen som er i stillinga sine prioriteringar. Skulerådgjevaren handlar ut i frå eit ynskje om det beste for elevane, men det er ikkje nødvendigvis slik at dei er einige om kva det er, seier forskaren.

Kva lokalsamfunn kan by på

Studien hennar byggjer på analyser av fleire intervju med grupper av elevar, rådgjevarar, lærarar, skuleleiing og føresette.

– Studien min syner at det vert retta uklare politiske forventningar mot rådgjevarane i skulen, men at det på andre sida ofte er svært tydelege forventningar til skulen og skulerådgjevingstilbodet si rolle i lokalsamfunnet. Dette kan føre til at det vert store skilnader i tilbodet, seier ho.

Forskaren legg til at det er spesielt viktig på mindre stader at ungdomane får tilbod om å sjå kva bygda eller lokalsamfunnet har å by på av arbeidsplassar – for å sikre seg at ungdomen vert verande i bygda. Dette aspektet er ikkje like viktig i større byar.

Lite samarbeid

Studien synte også at det er lite samarbeid på tvers av skular, noko som gjer situasjonen sårbar for den enkelte rådgjevaren. Mathisen meiner at rådgjevarane i større grad bør inngå i lokale nettverk for kompetanse- og praksisutvikling på tvers av skular.

– Rådgjevaren skal ikkje berre sikre at elevane får søkt innan viktige fristar. Det ligg så mykje fleire moglegheiter som ein ikkje klarar å utnytte til det fulle slik rammene er i dag. For at rådgjevarane skal klare å stå i dette spennet utan at dei slit seg ut, er det viktig at ein får ei felles forståing for kva denne rolla skal vere og korleis rådgjevarane skal utøve ho, seier ho.

Elevane ynskjer å bli sett

Funn frå studien syner at:

  • Tilbodet om skulerådgjeving er populært hos elevane og vert nytta i stor grad.
  • Dersom elevane hadde ein god relasjon og tillit til sin rådgjevar, så vart også tilbodet sett på som nyttig og viktig av elevane.
  • Det var viktigare for elevane å verte anerkjend enn å få informasjon om til dømes karriereval.
  • For elevane er det viktig å kjenne at rådgjevaren tek dei på alvor.

– Fleire av elevane vi snakka med, byrja å gråte når vi spurte dei om korleis dei såg for seg framtida, så det er klart at dette er viktig for dei. Og det er naturleg at det kan kjennast sårbart for elevane å brette ut om draumane sine, og at dei difor ynskjer å verte anerkjend av rådgjevaren. Elevane gav sterkt uttrykk for at dei trong å verte sett, høyrt og forstått i møte med rådgjevaren, seier ho.

Kunne også fort avskrive rådgjevaren

Forskaren håpar at funnet om at elever ønsker seg anerkjenning i møte med rådgjevarane, vil gjere rådgjevarane betre kjent med kva dei bør leggje vekt på i kontakten med elevane.

– Evna til å improvisere og sjå elevane sine behov i kvart enkelt møte, kan opne opp for moglegheita til å hjelpe elevane på ein betre måte med utfordringar dei har, samt med dei viktige livs- og karrierevala dei står overfor, seier Mathiesen.

Studien synte også at det fort kunne snu dersom elevane opplevde eit dårleg møte med rådgjevaren sin. Då avskreiv dei fort rådgjevaren og ville ikkje nytta meir tid på å gå til vedkomande.

Dette kunne fort smitte over på kva tillit dei hadde til andre vaksne.

Vanskeleg å snu

Fleire av elevane i studien som ikkje hadde god relasjon til sin rådgjevar, var tydeleg frustrerte og følte dei fekk lite støtte og anerkjenning. Dette var også vanskeleg å rette opp dersom det først hadde gått skeis.

– Dei droppa det fort dersom dei kjende at det ikkje var nokon vits og at dei ikkje fekk hjelp uansett. Det er difor avgjerande for rådgjevaren å klare å spele seg inn og vere på lag med elevane, seier Mathiesen.

Ho legg til at sjølv om rådgjevaren skal støtte elevane i vala dei skal ta, kan det vere vanskeleg då dei ofte ikkje heilt veit kva dei vil eller korleis dei skal gå fram for å klare å nå måla sine.

– Det er ikkje alt av karriere- og livsval som er så lett å google seg fram til dersom ein ikkje veit kva ein skal søkje etter. Det er heilt klart eit stort behov for rådgjevarar i skulen, og potensialet for at rådgjevaren skal være ein ressurs er stort. Men slik det er no, er det ofte avhengig av den lokale skulen og viljen til å prioritere. Slik bør det ikkje vere, seier ho.

Referansar:

Ida Holth Mathiesen: Balansekunst: Skolens rådgivning i møter mellom kontekstuelle, relasjonelle og politiske forventningerDoktorgradsavhandling, Universitetet i Stavanger, 2022.

Ida Holth Mathiesen: «Da går jeg hjem og googler det i stedet». Improvisasjon og medskaping i møter mellom elever og rådgivere. NORDVEI, Nordisk tidsskrift i veiledningspedagogikk, 2022.

Ida Holth Mathiesen og Hulda Mjöll Gunnarsdottir: Separate counselling services in Norwegian upper secondary schools. A possibility for a collective holistic approach? International Journal for Educational and Vocational Guidance, 2022. Doi.org/10.1007/s10775-021-09494-z

Saka vart først omtala på forskning.no.

UiS-tilsett som vert omtala i saka:

Førsteamanuensis i pedagogikk rettet mot skolemiljø
51832801
Læringsmiljøsenteret, Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning

– Evna til å improvisere og sjå elevane sine behov i kvart enkelt møte, kan opne opp for moglegheita til å hjelpe elevane på ein betre måte med utfordringar dei har.

Ida Holth Mathiesen

Les flere forskningsnyheter fra Læringsmiljøsenteret:

Er samiske elever mer involvert i digital mobbing enn andre elever?

Et nytt forskningsprosjekt skal blant annet undersøke om samiske elever i norsk skole er mer involvert i digital mobbing...

Skandinavisk barnehageforskning gjennom 16 år: Trender, mangler og muligheter

Forskere ved Kunnskapssenter for utdanning og Filiorum - Senter for barnehageforskning har i samarbeid publisert en kunn...

Hvor godt trives barn i barnehagen?

Hva mener barna selv om egen trivsel i barnehagen, og hva kjennetegner miljøet der barna sier at de trives? Det skal det...

Ensomme elever har økt sjanse for frafall

Elever som er ensomme på videregående skole, har større sjanse for å falle fra og ikke fullføre utdanningen, viser ny fo...

Elevers engasjement varierer fra time til time

– Engasjement er ikke en gitt egenskap hos elever og kan påvirkes av blant annet omgivelsene og interaksjoner med lærere...

Kodelek og matematikk kan hjelpe barn til å ta i bruk kritisk tenkning

En ny doktorgrad trekker frem tre ting som kan være særlig viktige for at barns skal utvikle sine evner innen høyere ord...

Sats på gode veilederordninger for nyutdannede barnehagelærere

Det er ikke i alle yrker man går rett fra studier og over til å ha lederansvar. Slik er det for mange nyutdanna barnehag...

Hvordan kan PP-rådgiveren bli en inkluderingsagent i skolen?

En ny doktorgrad har vært med å bidra til utvikling av en samarbeidspraksis mellom PP-tjeneste og skole som involverer e...

Holdningene til skolefravær blant skoleansatte fagpersoner

En ny, systematisk kunnskapsoversikt er den første i sitt slag som kartlegger den eksisterende forskningen på fagpersone...

Bruk av CLASS i barnehagen førte til økt samspillskvalitet

Samspillskvaliteten mellom barna og de ansatte i barnehagen økte ved bruk av observasjonsverktøyet CLASS, viser funn fra...

Dykkar inn i implementeringa av undervisningsopplegget ROBUST

I si doktorgrad undersøkjer Jeanette Halvorsen om undervisningsopplegget ROBUST har vorte implementert som planlagt. – D...

God selvregulering hos barn kan avgjøre hvilke liv de får

God selvregulering kan ikke bare gjøre hverdagen bedre for barna. Det kan også ha noe å si for hvordan det går med dem r...

Verdens største konferanse om mobbing til Norge

Aldri før har så mange barn og unge rapportert om mobbing i Norge. Internasjonalt er omfanget av mobbing også økende. Nå...

Hvilke roller inntar lærere, foreldre og elever under utviklingssamtaler?

En ny, systematisk kunnskapsoversikt fra Kunnskapssenter for utdanning (KSU) og Læringsmiljøsenteret ser nærmere på hva ...

Elever med konsentrasjonsvansker opplever mindre læringsstøtte

Ny forskning viser at elever som rapporterte om manglende konsentrasjon også opplevde liten grad av læringsstøtte fra læ...

– Kapasitetsbygging er en forutsetning for kvalitetsutvikling

Pål Roland er redaktør og medforfatter for en ny bok om ledelse og prosesser knyttet til kapasitetsbygging i utdanningss...

Høyere kvalitet i forskning på kvalitet i barnehagen

En ny, systematisk kunnskapsoversikt fra Kunnskapssenter for utdanning og Læringsmiljøsenteret har undersøkt hvilke side...

Tydelig sammenheng mellom prestasjonsorientert klima og emosjonelle problemer

Ungdom i videregående skole forteller om en økning av problemer som kan stamme fra stress på skolen.

Hvordan kan læreren fremme tilhørighet i flerkulturelle klasser?

For å oppleve tilhørighet må elevene føle seg trygge i klassen. Men hvordan får man det til, og hvilken rolle har lærere...

Oversikt over nordisk forskning om inkludering i skolen viser stor variasjon

En systematisk kartlegging av nordisk forskning på inkludering av elever med særskilte behov, utarbeidet av Kunnskapssen...