Når dei tilsette i småbarnsavdelinga skaper eit godt språkmiljø, har det positiv innverknad på ordforrådet til barna på sikt.
Dei første barneåra legg grunnlag for resten av livet på mange område. Dette gjeld også språket og utviklinga av eit godt ordforråd. Kor mange ord barnet kan, verkar inn på livskvaliteten både no og seinare. For barnehagebarn er det samanheng mellom det å ha god språkutvikling og å ha høve til å delta i leik og andre aktivitetar. Vi veit også at eit godt ordforråd i barnehageåra og ved skulestart legg grunnlag når vi seinare skal lære å lese, og verkar inn på korleis vi meistrar skule og utdanning.
No viser ein studie at det er ein samanheng mellom kvaliteten på språkmiljøet i småbarnsavdelinga barn går på fram til dei er tre år, og kor stort ordforråd dei har når dei fyller fem.
Små, men vesentlege forskjellar
– Forskjellane i vokabularutvikling er vesentlege, sjølv om dei ikkje er veldig store. Barn har jo ei forventa normalutvikling, og miljøet i heimen er også viktig. Når vi likevel ser denne tydelege samanhengen mellom eit godt tidleg språkmiljø og god vokabularutvikling, viser det at arbeidet som blir gjort på småbarnsavdelinga har mykje å seie for språkutviklinga hos barn, seier Joakim Evensen Hansen ved Lesesenteret, UiS. Han står bak avhandlinga, som er ein del av det store GoBan-prosjektet.
I studien har Hansen undersøkt språkutviklinga til over 1100 barn i 206 barnehagar over heile Noreg. Han har undersøkt korleis ordforrådet til barna i studien utvikla seg frå dei var 3 og 5 år, og sett dette i samanheng med kvaliteten på språkmiljøet i småbarnsavdelingane barna gjekk på. Dette har han vurdert ved hjelp av eit internasjonalt kartleggingsverktøy som ser på i kor stor grad dei tilsette stør barna si språkforståing og bruk av språket.
Godt språkmiljø med medvitne tilsette
For å finne ut meir av kva som kjenneteiknar barnehagar med høg kvalitet på språkmiljøet, såg Hansen nærare på fire avdelingar i studien som skåra spesielt høgt i kartlegginga av språkmiljøet. Gjennom observasjonar og intervju med dei tilsette, fann han ut at dei tilsette ved desse avdelingane hadde barna i sentrum for eit heilskapleg og systematisk språkarbeid.
– Dei tilsette i dei gode avdelingane er medvitne om si eiga rolle i å stø barnet si språkutvikling, og peikar på at det er viktig at dei har kunnskap om barns språk og språkutvikling. Dei skildrar forskjellige strategiar i språkarbeidet, til dømes er dei medvitne om vokabular og omgrepsutvikling, dei legg opp til utvida samtalar og fortel historier. Samtidig legg dei vekt på at det er barna sine initiativ og interesser som skal stå i sentrum, både når dei planlegg tema for prosjekt og i samtalar i løpet av dagen, seier Hansen.
Rikt språk og samtalar
Videoobservasjonar frå avdelingane viste at dei har eit språkmiljø på linje med det forskinga viser er positivt for språkutviklinga hos barn. Dei tilsette er aktivt deltakande i samtalane med barna. Dei bruker eit rikt språk, og bruker konkrete ord på objekt, i staden for «den» eller «det».
– Når det er snakk om eitt- og toåringar, er det sjølvsagt ikkje snakk om å bruke eit komplisert språk. Det handlar snarare om å aktivere barnet til å ta i bruk sitt eige språk og at dei vaksne bruker eit rikt språk i meiningsfulle samanhengar, seier Hansen.
– Er ein til dømes ute på tur, handlar det om å snakke om det ein ser og opplever der og då, og å samtale om det ein har sett og opplevd når ein er komen tilbake i barnehagen. Godt språkarbeid handlar også om å opne opp for undring, og for å tenkje høgt saman og skape samtalar, i staden for å stille korte spørsmål som krev enkle svar.
Ser på barnehagedagen som ein heilskap
Dei meiningsfulle samtalane med rom for undring og resonnering kjem særleg til syne i fri leik og under måltida. Samlingsstundene har mindre rom for dette.
– Men dei tilsette på desse avdelingane er medvitne om at samlingsstunda har samanheng med det barnehagen gjer resten av dagen. Under samlingsstundene lærer dei vaksne barna nye ting, dei fortel historier, les bøker og syng songar. Samlingsstundene blir sett på som ein del av barnehagedagen som ein heilskap, der språkarbeidet går inn som ein raud tråd, seier Hansen.
Viktig med kunnskap om dei yngste barnehagebarna
I dag går over 80 % av 1–2-åringar i barnehage, frå under halvparten for berre 15 år sidan. Både dei som jobbar i barnehagane, styresmakter og forskarar har behov for meir kunnskap om barnehagelivet til dei yngste barna.
– Denne studien viser at språkarbeidet som blir gjort på avdelingane med dei yngste barna er veldig viktig. Han viser at barn treng kunnskapsrike, aktive og engasjerte vaksne som er klar over si eiga rolle i å bidra til barna si utvikling og læring, og som går inn i kvardagsaktivitetane og jobbar aktivt med språket, seier Hansen.
Tekst: Elisabeth Rongved, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret
Foto: Elisabeth Rongved og Getty