Disputas: Estomih Raphael Mduma si forsking er knytt til det globale prosjektet Helping babies breathe.
Han forsvarer avhandlinga Optimizing Helping Babies Breathe implementation in a resource limited setting to improve perinatal outcome når han disputerer for ph.d.-graden i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger 28. oktober 2021.
På verdsbasis døyr omtrent 2,7 millionar nyfødde årleg, og talet på barn som er dødfødde er 2,6 millionar. Perinatal død, som hender i tidsrommet frå 28. svangerskapsveke til ei veke etter fødselen, er eit stort folkehelseproblem med innverknad på helse, så vel som sosial og økonomisk velferd for både familie og samfunn.
Tanzania er eitt av landa med svært høge perinatale dødstal. Nesten halvparten av dødfødde dør i samband med fødselen. Nesten halvparten av dødsfalla skjer den fyrste levedagen og er hovudsakleg eit resultat av komplikasjonar/hendingar under fødselen. Desse dødsfalla kan reduserast vesentleg ved at jordmødrer og andre fødselshjelparar får betre kunnskap og handlag i handtering av fødslar og gjenoppliving av sjuke nyfødde som ikkje klarer å starte eiga pusting.
Mduma har forska på det globale utdanningsprogrammet Helping Babies Breathe, som trenar helsepersonell gjennom praktisk simulering med ein nyfødd simulator for gjenoppliving av nyfødde. Han har evaluert implementeringa av opplæringsprogrammet og forbetra retningslinjene for korleis implementeringa bør gå føre seg slik at det betrar klinisk praksis og pasientoverleving.
Han peikar blant anna på at helsepersonell etter opplæringa må gjennomføre hyppige og korte simuleringsøkter for å oppretthalde kompetanse og kunnskap. Oppfølging blei gjord over sju år (nesten 40 000 fødslar) og dokumenterte metodar som bidro til å endre klinisk praksis og signifikant forbetre overlevinga av nyfødde.
Forskinga har gått føre seg på Haydom Lutheran Hospital i Tanzania, knytt til Safer Births-prosjektet, som er finansiert av Norges Forskningsråd, Lærdalfondet og Stavanger universitetssjukehus.